Kissingen-diktatet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kissingen-diktatet var eit diplomatisk aktstykke om Balkankrisa, skriven av Otto von Bismarck den 15. juni 1877 i Bad Kissingen. Stykket skildrar viktige prinsipp for Bismarck sin utanrikspolitikk.

Bismarck var uroa av fara for ein anti-tysk koalisjon, og skisserte ein ideell målsetjing om å kjempe for «… ikkje ytterlegare landerobringar, men ein politisk totalsituasjon der alle makter utanom Frankrike treng oss, og der dei gjennom sine relasjonar til kvarandre, i den grad det er mogleg, kan avstå frå å inngå koalisjonar mot oss.»

Diktatet inneheldt konseptet for Bismarck sitt diplomatiske program, som seinare blei ein del av røyndomen i tysk alliansepolitikk. Målet var å trygge den preussisk-tyske staten si utanrikspolitiske stilling, ut frå ei realistisk innsikt i dei internasjonale styrkeforhalda.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]