Kjæremål

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

I norsk juridisk prosessrett var kjæremål tidlegare omgrepet som vart brukt om krav om overprøving av rettslege avgjerder som ikkje kunne ankast. Både tvistemålsloven av 1915 og straffeprosessloven skilde mellom anke som var krav om overprøving av realitetsavgjerd (dom) i saka og kjæremål som var krav om overprøving av andre avgjerder (orskurdar og beslutningar). Då den nye tvisteloven tredde i kraft 1. januar 2008 forsvann dette skiljet i sivilprosessen og samstundes blei også straffeprosessloven endra slik at terminologien blei den same. Alle krav om overprøving i ein høgare rettsinstans blir no kalla anke, og det har også fått den konsekvensen at Høgsteretts kjæremålsutval no heiter Høgsteretts ankeutval. Det er samstundes gjort ein gjennomgang av lovverket slik at uttrykket kjæremål er erstatta med anke i dei aller fleste lovene (men ikkje domstolloven § 10 og somme andre mindre viktige lover).

I tvisteloven er reglane om anke frå tingrett til lagmannsrett samla i kapittel 29, medan reglane om anke til Høgsterett og Høgsteretts ankeutval finst i kapittel 30. I straffeprosessloven finn vi ankereglane i kapittel 23 (anke over dommar) og i kapittel 25 (anke over orskurdar og beslutningar).