Kjemisk anlegg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kjemisk anlegg i Sakaide i Kagawa som tilhøyrer Mitsubishi Chemical.

Kjemisk anlegg er industrianlegg som framstiller eller omdannar kjemikaliar, vanlegvis i stor skala.[1] Føremålet med slike anlegg kan vera å danna nye kjemikaliar gjennom kjemiske eller biologiske prosessar, eller skiljing av ulike materiale.[2]

Oppbygging[endre | endre wikiteksten]

Kjemiske anlegg er typisk bygd opp av ei rekke grunnelement:

  • Røyrleidningar
  • Armaturar
  • Reaktorar
  • Apparat
  • Motorar
  • Transportinnretningar
  • Lagerinnretningar
  • Måle-, styre- og reguleringsinnretningar

Røyrleidningar er, logisk nok, dei røyra som bind saman dei ulike apparata i anlegget, og transporterer stoffa mellom desse. Røyrleidningane består av røyrstykkje som er kopla til kvarandre med diverse røyrforbindingar.

Armaturar er monterte inn i leidningane, for å regulere mengda stoff som kan passere for å regulere forløpet i prosessen, eller hindre at han løper løpsk. Døme på armaturar er ulike ventilar.

Reaktorar er spesialbygde tankar der dei kjemiske reaksjonane føregår. Dei er innretta slik at trykk og temperatur kan regulerast slik at reaksjonane kan styrast slik ein vil, ofte er det også montert inn blandarar for å blande stoffa skikkeleg. Dei kan vere alt frå små tankar på storleik med kjøleskap, til enorme installasjonar på fleire etasjar, alt etter kapasitetsbehov eller ønska driftsforhold.

Apparat er kopla inn framfor eller etter reaktorane, og brukast til å varme opp, kjøle ned, blande eller separere stoffa før eller etter at dei har vore i reaktorane. Døme er varmevekslarar, knusemøller eller ulike separasjonsapparat.

Motorane driv dei bevegelege delane, som røreverk, transportband, pumper og anna. Dei er som regel elekriske, i alt frå bittesmå til svært kraftige kapasitetar.

Transportinnretningar er utstyr som skal flytte stoffa til, frå og rundt i anlegget på den verksemda dei skal omarbeidast i. Slike innretningar kan vera transportband, pumper, kompressorar og pneumatiske transportsystem (trykkluft).

Lagerinnretningar blir brukte til å oppbevare dei ulike stoffa over lengre eller kortare tidsrom, som bufferar i prosessen slik at det alltid er tilstrekkeleg med råstoff eller ferdige produkt tilstades. Til dømes må ein ha ein tank til å lagre flytande nitrogen som skal brukast som kjølemiddel, eit lager med pulver for å oppretthalda gangen i ein kontinuerleg prossess, og ein stad å oppbevare produkt som skal skipast avgarde, medan ein ventar på neste transportskip. Lagerinnretningane blir med andre ord brukte for å halde ein jamn flyt i prosessen.

Måle,- styre- og reguleringsinnretningar er kritiske for å kunne halde ein prosess i gang, og for at han skal flyte best mogleg. Måleinstrumenta viser variablar som trykk, temperatur og srøymingshastigheit, nivå i tankar etc. Styre-og reguleringsapparata sørgjer for at prosessen går under optimale forhold. Dette føregår i dag i stor grad automatisk.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ellison-Taylor; et al. (1970). Chemical Plant Technology: An Introductory Manual. Longmans. 
  2. Douglas, James M. (1988). Conceptual Design of Chemical Processes. McGraw-Hill. ISBN 978-0-07-017762-8. 
Spire Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.