Ventil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein ventil er ein mekanisk komponent som har som oppgåva å sleppa gjennom, stoppa eller bremsa ein gass- eller væskestraum, eller å styra retninga på straumen.

Ventilar er eigentleg røyrdelar, og vert brukte alle stader der ein brukar røyr for å føra fram eit medium. Ein ventil kan styrast på mange ulike vis, dei enklaste typane vert styrte manuelt med ein hendel eller eit hjul som ein stiller med handmakt, som vasskrana på badet eller kjøkenet.

Seteventil[endre | endre wikiteksten]

Ein seteventil har eit ventilsete og ei kjegla, ein plugg eller liknande. Når pluggen tettar mot setet, får me ei god tetting. Vert mykje brukt til reguleringsventilar, men eignar seg óg godt i stengjeventilar.

Det finst mange typar ventilar med ein eller annan variant av sete:

Sleideventil[endre | endre wikiteksten]

Ein sleideventil har ein sleide som flyttar seg inni ventilhuset. Sleiden og ventilhuset har spor som gjer at væske- eller gasstraumar kan gå i ulike retningar når sleiden vert flytta. Sleideventilar vert mykje brukt til retningsventilar og trykkventilar. Fordi sleiden skal flytta seg uhindra, er det vanskeleg å oppnå full tetting med ein sleideventil.

Kuleventil[endre | endre wikiteksten]

kuleventil

I ein kuleventil er det ei kula med hol i, som roterer og slepp fluid gjennom holet eller tettar med kuleflata. Kuleventilar tettar godt, og vert ofte brukt som stengjeventilar ved store røyrdimensjonar, men kan òg brukast innan regulering. Ein kulesegmentventil er ein variant der ein berre har ein del av kula.

Spjeldventil[endre | endre wikiteksten]

Ein spjeldventil har eitt eller fleire spjeld. Spjeldet opnar eller stengjer ved lineær eller roterande rørsla. Spjeldventilar vert mykje brukt i HVAC-anlegg og andre stader der det strøymer store gassmengder med relativt lågt trykk.

Sluseventil[endre | endre wikiteksten]

Ein sluseventil stengjer ved å føra ei plata inn i røyropninga slik at det stengjer for gjennomstrøyminga, akkurat som ein port som går ned. I ein slik ventil går halvparten av væske- eller gassmengda gjennom. Denne ventilen passar difor godt der ein treng ein ventil som opnar fort.

Styring av ventil[endre | endre wikiteksten]

Ein ventil kan styrast med handmakt eller med ein eller annan slags forstillingsmekanisme. Forstillingsmekanismen kan vera elektrisk, pneumatisk, hydraulisk eller mekanisk. Forstillingsmekanismen vert ofte kalla ein aktuator.

Elektrisk forstilling[endre | endre wikiteksten]

Ein elektromotor eignar seg godt til å styra ventilar som skal ha trinnlaus vandring, til dømes reguleringsventilar. Ein kan bruka både veksel- og likestraumsmotorar til slike føremål.

I retningsventilar er det vanleg å bruka ein elektromagnet til å styra ventilen. Når ein set spenning på spolen på magneten, skapar han eit magnetfelt som påverkar sleiden og får han til å skifta stilling.

Pneumatisk eller hydraulisk forstilling[endre | endre wikiteksten]

På store opne- og stengjeventilar vert det ofte brukt pneumatiske eller hydrauliske sylindrar. Ved å bruka pneumatikk og hydraulikk får ein driftssikre anlegg og ventilen kan stengja og opna med stor kraft og fart. Når det kjem trykk inn i den eine enden av sylinderen, vil trykket danna ei kraft på eit stempel inni sylinderen, slik at stempelet flyttar seg til den andre enden av sylinderen. Stempelet er festa i ei stempelstong som overfører denne rørsla direkte eller indirekte til ventilen.

I ein reguleringsventil vert det ofte brukt ein membranmotor. Eit styretrykk kjem inn og lagar ei kraft på ein membran. Membranen jobbar mot ei fjør og er festa i spindelen til ventilen, slik at ei endring i styretrykket vil føra til at membranen flyttar seg, og justerer opninga i ventilen.

Manuell styring[endre | endre wikiteksten]

Små ventilar vert ofte styrte direkte ved å dreia eller skyva spindelen. Er ventilen større, kan ventilen ha eit ratt med tannhjul eller andre mekaniske innretningar som indirekte overfører styrerørsla til ventilen.

Tilbakeslags- og trykkventilar[endre | endre wikiteksten]

Tilbakeslagsventilar og ventilar for trykkstyring vert påverka av trykket i røyret eller trykkskilnaden mellom inn- og utløpet på ventilen. I tillegg er det gjerne ei eller fleire fjører som dannar ei motkraft, slik at trykket må over eit visst nivå for å påverka ventilen.

Spire Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.