Atomsymbol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kjemisk symbol)
Hopp til navigering Hopp til søk

Atomsymbol eller kjemisk symbol er ei forkorting for namnet på eit grunnstoff. Symbolet er ein eller to bokstavar, ofte frå det greske eller latinske namnet. Gull med atomsymbolet Au (etter latin aurum) er eit døme.

Den første bokstaven i symbolet er alltid stor, den andre liten. Co (kobolt) er eit grunnstoff, men CO (karbonmonoksid) er ei sambinding.

Atomsymbola er vist i periodesystemet, og vert brukt i reaksjonslikningar.