Kjersti Stenseng

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kjersti Stenseng

Fødd4. september 1974 (49 år)
Nord-Fron kommune
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
FarGunnar Tore Stenseng
SambuarTom Tvedt
Alle verv

Kjersti Stenseng (fødd 4. september 1974) er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. I 2015 vart ho partisekretær i Arbeidarpartiet.[1]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Stenseng kjem frå Kvam i Nord-Fron kommune i Oppland. Ho vart vald inn i Sentralstyret til Arbeidarpartiet i 2011, og har vore statssekretær og politisk rådgjevar i Kulturdepartementet.[2][3]

Stenseng har òg jobba som festivalsjef for Peer Gynt-stemnet og festivalsjef for Norsk Litteraturfestival. Ho var HR- og friviljugsjef for Vinter-OL for ungdom 2016.[4][5]

Ved stortingsvalet 2013 var Stenseng 4. kandidat for Oppland Arbeidarparti, etter at ho på nominasjonsmøtet tapte kampvoteringa om tredjeplassen mot Stine Renate Håheim med 53 mot 68 stemmar.[6] Ho var i stortingsperioden 2013–2017 fyrste vararepresentant til Stortinget.

Ho er sambuar med idrettspresident Tom Tvedt.[7]

Verv[endre | endre wikiteksten]

  • 2007–2011: medlem av formannskap og kommunestyre i Sør-Fron kommune
  • 2008–2010: kvinnenettverksleiar i Oppland Arbeidarparti
  • 2010–2014: fylkespartileiar i Oppland Arbeidarparti
  • 2011–: sentralstyremedlem i Arbeidarpartiet
  • 2015–: partisekretær i Arbeidarpartiet

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Her er Støres nye mannskap». NRK.no. 18. april 2015. Henta 19. april 2015. 
  2. «Stenseng statssekretær». Gudbrandsdølen Dagningen. 16. mai 2012. Henta 19. april 2015. 
  3. https://www.regjeringen.no/no/dokumentarkiv/stoltenberg-ii/kud/Personer-og-enheter/Politisk-ledelse/2011/konstituert-politisk-radgiver-kjersti-st/id647400/
  4. http://www.dagsavisen.no/helg-nye-inntrykk/portrett/tillitskvinnen-1.344635
  5. «- Dette er nybrottsarbeid og veldig spennende». Gudbrandsdølen Dagningen. 20. november 2013. Henta 19. april 2015. 
  6. «Kjersti Stenseng mister 3. plassen». NRK. 24. november 2012. Henta 19. april 2015. 
  7. Elin Sørsdahl (18.04.2015). «Aps nye maktkvinne fant kjæresten i Arbeiderpartiet». TV2. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]