Stine Renate Håheim
Stine Renate Håheim | |
![]() | |
Fødd | 13. mai 1984 (38 år) Oslo |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Arbeidarpartiet |
Yrke | politikar |
Stine Renate Håheim (fødd 13. mai 1984 i Oslo) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho voks opp på Valdres i Oppland, og var kommunestyremedlem i Nord-Aurdal 2003–2007, og medlem av Oppland fylkesting 2007–2009. Håheim er sentralstyremedlem i Arbeidaranes Ungdomsfylking (AUF). Ved stortingsvalet 2009 var ho den 4. kandidaten til Arbeidarpartiet frå Oppland, og møter frå oktober 2009 fast for Rigmor Aasrud.
Håheim studerer ved Lektorstudiet på Universitetet i Oslo, eit profesjonsstudium retta mot læraryrket.
Stine Renate Håheim er kjend for å ha spreidd utsegna «Om éin mann kan visa så mykje hat, tenk kor mykje kjærleik me alle kan visa saman!» etter 22. juli-åtaka, mellom anna i intervju med CNN 23. juli 2011.
Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]
- 2009–2013 medlem i Justiskomiteen
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Stine Renate Håheim hos Stortinget