Kjerstin Funderud
Kjerstin Funderud | |||
| |||
Fødd | 13. november 1970 (54 år) | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Senterpartiet | ||
Yrke | politikar, revisor | ||
Alle verv |
|
Kjerstin Wøyen Funderud (fødd 13. november 1970) er ein norsk politikar frå Borre i Vestfold, busett i Våler i Østfold. Ho er frå 2021 stortingsrepresentant frå Østfold for Senterpartiet.
Wøyen var medlem av kommunestyret i Borre frå 1991. Etter ho flytta til Våler var medlem i Våler kommunestyre i tida 1999-2011, siste fire åra var ho ordførar i Våler, vald med stønad frå Høgre, Kristeleg Folkeparti og Sosialistisk Venstreparti. Ho kom tilbake i politikken då ho som andrekandidat for Østfold Senterpartiet ved stortingsvalet 2021 kom inn på Tinget med god margin, der ho har sete i Finanskomiteen.
Funderud er utdanna revisor. Ho hadde stilling som avdelingsdirektør ved Sentralskattekontoret for Storbedrifter frå 2007 til 2019. Sidan 2019 er ho tilsett underdirektør i Skattetaten i Moss.