Kjetil Stormark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kjetil Stormark
Fødd 25. mars 1971
Yrke journalist, redaktør, faglitterær forfattar

Kjetil Stormark (fødd 25. mars 1971) er ein norsk forfattar og journalist som driv «Noregs forsvarsevne»-prosjektet og den tilhøyrande nettstaden aldrimer.no.[1] Han er òg leiar av fagnettverket Hate Speech International, som overvakar ekstremistiske grupper i Europa, Nord-Amerika, Midtausten og Afrika. Stormark har tidlegare vore nyhenderedaktør i dagsavisene Laagendalsposten og Varden og ansvarleg redaktør i Dalane Tidende.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Stormark har vore journalist sidan 1987, i Arbeiderbladet (1994-1997), i VG (1997-2001 og 2002-2005).[2]

Han var presseråd ved den norske SN-delegasjonen i New York (2001-2002), den gongen Noreg var medlem av Tryggingsrådet). Fagleder i PR-byrået JKL Oslo var han - 2005-2007. Leiar av SKUP – Stiftelsen for ei Kritisk og Undersøkjande Presse var han frå 2003 til 2005, og der var han styremedlem 2001–2003.[3]

Nettavisen publiserte bloggar av Stormark frå 2012 til mars 2015.

Prosjektet «Noregs forsvarsevne» og tilhøyrande nettstad[endre | endre wikiteksten]

Han driv (per 2016) prosjektet «Noregs forsvarsevne» som hittil har motteke 10,5 millionar kroner i støtte (2015-2016) frå Erling Lorentzen og fem andre bidragsytarar, blant dei fleire motstandsfolk.

Han driv nettavisa aldrimer.no.[4] Prosjektet driv kritisk og undersøkjande journalistikk om den sivile og militære beredskapen i Noreg og tryggingspolitiske tilhøve.

Prosjektet vart i april 2016 kritisert av SKUP-leiar Jan Gunnar Furuly og skuldgjeve for å vera ei «avansert form for content marketing». Kritikken vart avvist av Stormark, som viste til at nettstaden vert redigert etter Redaktørplakaten, Tekstreklameplakaten og Ver Varsam-plakaten. Det tyder at prosjektet driv uavhengig journalistikk som ingen andre enn redaktøren til nettstaden styrer.

Aldrimer.no/prosjektet Noregs forsvarsevne driv varslingsnettstaden SecuriLeaks.org, slik at varslarar skal kunna senda informasjon heilt trygt utan å avsløra eigen identitet. Nettstaden er integrert i TOR - The Onion Router - og føreset at ein brukar TOR Browser når informasjon vert lasta opp til varslingplattforma.

Fagnettverket «Hate Speech International»[endre | endre wikiteksten]

Stormark er leiar av fagnettverket Hate Speech International (HSI), som overvakar hatytringar, hatbrotsverk og ekstremistiske grupper i Europa, Nord-Amerika, Midtausten og Afrika. Nettverket vart etablert av Stormark og forfattar og journalist Øyvind Strømmen i 2013.

HSI mottek økonomisk støtte frå Utanriksdepartementet og stiftelsen Fritt Ord.

HSI driv òg ein eigen varslingsnettstad - ExtremeLeaks - for at varslarar skal kunna senda informasjon heilt trygt utan å avsløra eigen identitet. Nettstaden er integrert i TOR - The Onion Router - og føreset at ein brukar TOR Browser når informasjon vert lasta opp til varslingplattforma.

Klage til EOS-utvalet[endre | endre wikiteksten]

I 2002 forfatta Stormark ein artikkelserie om interne tilhøve i Tryggleikstenesta til politiet (PST), saman med VG-kollega Tom Bakkeli. Serien stod på trykk i juli og oktober 2002. Stormark sende på same tid ei klage til Kontrollutvalet til stortinget for dei løynlege tenestene, det såkalte EOS-utvalet. I klaga bad Stormark utvalet om å undersøkja om det vart drive kjeldejakt på hans kjelder i kjølvatnet av artiklar om dei løynlege tenestene.[5]

Prisar[endre | endre wikiteksten]

  • Årets frilansjournalist (2014). Kåring i regi av Norsk Journalistlag - Frilans.
  • Sølv i kategori for nyskaping, Årets medieprisar 2009 (delast ut av Landsamskipnaden til Medieføretaka), for redesign av Dalane Tidende. Det same året fekk avisa òg heiderleg omtale i designkonkurransen til Scandinavian Society for News Design (SNDS), som eitt av totalt fem, nordiske medium.
  • Edda Prisen til media for god lokaljournalistikk (2008) – saman med journalist Torfinn Skåttet – for avsløringen av «Pensjonsskandalen», der nærare 2 000 pensjonerte statsatte må få etterbetalt ein kvart milliard i oppgjør etter at dei gjennom ei årrekkje mottok for lite pensjon frå Pensjonskassa til staten. Publisert gjennom meir enn 70 artiklar i Laagendalsposten. I saka vart det òg avsløra at meir enn 400 statstilsette var gått bort før dei (etterlatne) fekk pengane dei hadde krav på.
  • Diplom Journalistprisen i Buskerud (2008) – i klasse nyhende/sport, saman med journalistane Anne Mone Nordahl, Elin Hansson, Lars Andreas Ellingsgard Øverli og Even Tråen, for artikkelserien «Eitt år etter 80-årsflommen». Publisert i Laagendalsposten.
  • Journalistprisen i Buskerud (2007) – saman med journalist Torfinn Skåttet – for avsløringen av «Pensjonsskandalen».
  • SKUP-diplom (1999) for avsløring av eit løynleg lagar for kjemiske stridmiddel utanfor MurmanskKolahalvøya i Russland.[6] Publisert i VG.
  • SKUP-prisen (1998) for nyhendedekning og avsløringer om Bouchikhi-saka (Mossad-attentatet på Ahmed Bouchikhi på Lillehammer 21. juli 1973). Premiert for tre artikkelseriar i hhv Arbeiderbladet og VG.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Da terroren rammet Norge : 189 minutter som rystet verden (Kagge forlag, 2011)
  • Massemorderens private e-poster (Spartacus forlag, 2012)
  • Bidragsyter til Gravende journalistikk. Metode, prosess og etikk av Guri Hjeltnes og Morten Møller Warmedal (red) (Gyldendal akademisk forlag, 2012)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Forsvarsvenner gir Stormark fem millioner til journalistisk prosjekt, journalisten.no
  2. Kjetil Stormark, journalisten.no
  3. Full gass i en krisetid, journalisten.no
  4. info Aldrimer.no
  5. E-tjenesten nekter å svare på om de skal på kildejakt, aftenposten.no
  6. 1999-41 Kjemivåpen-saka

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]