Verdens Gang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«VG» omdirigerer hit. For andre tydingar av ordet, sjå VG (fleirtyding).
Verdens Gang
VG logo.svg
Type Dagsavis
Format Tabloid
Første trykk 23. juni 1945
Målform Bokmål
Eigarskap Schibsted ASA (100%)
Opplag 138 188 (2014) 
Redaksjonskontor Akersgata 55
Postnummer 0180
Stad Oslo
Ansvarleg redaktør Torry Pedersen  (2011)
Politisk redaktør Hanne Skartveit  (2009)
Nyhenderedaktør Helje Solberg  (2009)
Kulturredaktør  ()
Nettstad VG.no
Verdens Gang sitt kontorbygg i Akersgata.
VG-mannen

Verdens Gang (VG) er ei norsk avis, i daglegtale kalla VG. Verdens Gang var i 2004 den største avisa i Noreg. Ansvarleg redaktør for VG er Gard Steiro.

Verdens Gang si nettavis var i 2004 den største norskspråklege nettavisa føre NRK si nettavis. Sistnemnde var dessutan den andre norske avisa som lanserte si nettutgåve.

Medlemer av motstandsrørsla starta avisa kort tid etter frigjeringa i 1945. Første nummer av avisa kom ut 23. juni 1945. Avisa er partipolitisk uavhengig. VG er i dag eigd av mediekonsernet Schibsted, som óg eig Aftenposten i tillegg til postar i dei fleste større norske regionaviser.

8. november 2014 klokka 10.00 starta Verdens Gang sendinger på norsk fjernsyn, men ein har berre tilgang til kanalen om ein er kunde hjå Canal Digital.[1]

Opplagstal[endre | endre wikiteksten]

Utvikling i nettoopplag.[2]

År Nettoopplag
2000 375 983
2001 387 508
2002 390 510
2003 380 190
2004 365 266
2005 343 703
2006 315 549
2007 309 610
2008 284 414
2009 262 374
2010 233 295
2014 138 188

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. VG med ny TV-kanal. Canal Digital (2. juli 2014). Vitja 8. oktober 2014.
  2. Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]