Klakør

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Le claqueur (1842) av Honoré Daumier.

Klakør (frå fransk claqueur) er ein tilskodar som applauderer mot betaling eller gåver. I overført tyding kan ordet «klakør» også brukast om ein ukritisk tilhengjar av ein ideologi, sak, person eller liknande.[1]

Det franske ordet «claque» tyder eigentleg 'slag med flat hand', men blei etterkvart brukt om ei organisert gruppe som gav sterk respons ved musikk- og teaterførestillingar. Claque-ar eller klakkar er særleg knytte til Paris, men blei også utbreidde i London på 1800-talet, til dømes ved Royal Italian Opera, og ved Metropolitan Opera i New York ved byrjinga av 1900-talet.[2] Klakørar forsvann frå det meste av Europa og USA i løpet av 1900-talet, men ordninga har halde fram visse stader, som ved Bolsjojteatret i Moskva.[3]

Det finst også døme på at klakørar kan brukast til utpressing, der utøvarar kan bli bua eller forstyrra dersom klakørane har noko imot dei.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Claque», Store norske leksikon, 24. november 2011 ; «klakør» i Nynorskordboka.
  2. Scholes, Percy, Denis Arnold, and Alison Latham (2011), «applause», The Oxford Companion to Music, Oxford University Press 
  3. 3,0 3,1 Barry, Ellen (14 August 2013). «Wild Applause, Secretly Choreographed». The New York Times. Henta 15. november 2015.