Klara Semb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Klara Semb

Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. oktober 1884
Oslo
Død

16. oktober 1970 (85 år)

Yrke dansar
Språk norsk

Klara Semb (17. oktober 188416. oktober 1970) var ein norsk kulturforskar frå Oslo. Ho er kjend for å ha vidareutvikla norsk folkedans, og har vore viktig for utviklinga av synet på bunadar.

Klara Semb dansa i leikarringen som Hulda Garborg starta og leia, og tok seinare over instruksjonen. Ho blei etter kvart svært interessert, og sa i 1912 opp jobben sin som for å kunna via seg folkedansen på heiltid. Etter tre studieår i USA gav ho i 1921 ut den første rettleiinga si til folkedans, Tritur (Tretur frå Hordaland). Året etter gav ho saman med Knut Liestøl ut to bøker med rettleiingar,

I leikarringane brukte ein gjerne folkedrakter, men desse hadde ofte lite feste i den eigentlege norske kledestradisjonen. Etter kvart som Semb å blei leikleiar, fekk ho reisa rundt i landet og sjå mange ulike bunadstradisjonar. Ho utvikla etter kvart eit syn på korleis bunadar skulle vera som var noko strengare enn det Garborg hadde.

På den tida vart bunadane til nokså tilfeldig, folk sydde dei sjølve med inspirasjon frå folkedrakter, men tilpassa sin eigen smak og bruk. Semb ville tilbake til tradisjonen, og gjekk inn for å laga nøyaktige drakter etter mønster frå gamle klede. Materiale, fargar, sølvpynt og fargar måte vera ekte, og den ferdige bunaden måte følgja ein lokal tradisjon, og ikkje vera eit lappeteppe av ulike drakter og stilar.

Semb vart utnemnd til riddar av St. Olavs Orden for verksemda si. I tillegg var ho statsstipendiat og æresmedlem i Noregs Ungdomslag.

Verk[endre | endre wikiteksten]