Klarsyn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Klarsyn eller clairvoyance er den evna det vert hevda at såkalla synske folk har til å sjå hendingar i framtida eller langt borte. Evne til å sjå inn i framtida er òg kalla framsyn.

Det har vore stor strid om framsyn og klarsyn verkeleg finst, og om korleis ein kan forstå fenomenet. I dagens forsking i parapsykologi er eksperiment gjorde om klarsyn kan provast i samtid. Eit eksempel er å seia eit tal som er generert av ein slumptalsgenerator eller lotterimaskin. Det er ikkje til no funne bevis for at fenomenet verkeleg eksisterar, og då det heller ikkje kan forklårast teoretisk, er begrepet klarsyn kontroversielt.[1]

Personar det er hevda har klarsynte evner[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]