Klaus-Peter Justus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Klaus-Peter Justus


Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 1. juli 1951 (72 år)
Königsee
Idrett friidrett
Tok del i

athletics at the 1972 Summer Olympics – men's 1500 metres

Utmerkingar

Fedrelandets fortjenstorden i bronse

Klaus-Peter Justus ({{datoar}) er ein tysk tidlegare friidrettstuøvar frå Königsee i Thüringen som tevla for Aust-Tyskland. Han vart europameister på 1500 meter i 1974.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Justus vann 1500 m i junior-europameisterskapen 1970. I 1972 sette han personleg rekord på distansen med 3.39,0 og fekk delta i sommarleikane i München. Her tok han seg vidare frå forsøket med eit godt løp, men i den tredje og siste av semifinalane presterte han langt under pari og vart utslått.

I 1974 tangerte Justus den personlege rekorden på 1500 m, men var ikkje mellom dei fremste medaljekandidatane under EM i friidrett 1974 i Roma. Han tok seg vidare som fjerdemann frå sitt kvalifiseringsløp, men ovverraska stort i finalen og vann spurten framfor Tom B. Hansen frå Danmark og Thomas Wessinghage frå Vest-Tyskland. Tida 3.40,5 var den same som då han tidlegare i sesongen vart austtysk meister på 1500 m. Han vann denne distansen i den nasjonale meisterskapen i 1970 og 1972-75.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • OL 1972 i München: Utslått i semifinalane på 1500 m
  • EM 1974 i Roma: Gullmedalje på 1500 m – 3.40,5, framom Tom B. Hansen (3.40,7)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]