Klaus i Vorarlberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kyrkjestaden i Klaus

Klaus er ein kommune i distriktet Feldkirch i forbundslandet Vorarlberg i Austerrike. Kommunen dekker eit areal på 5,24 km² med om lag 3 100 ibuarar i 2016. Kyrkja ligg 507 meter over havet, med utsyn over den lægreliggjande busetnaden i kommunen. Kring halvparten av Klaus er skogdekt, der det ligg på austsida av Rhindalen og stig opp mot eit åslandskap.

Elektronikkselskapet Omicron med om lag 750 tilsette har hovdkontor i Klaus, det same gjeld firmaet WolfVision. Den multinasjonale verktyprodusenten DMG har ei verksemd i Klaus.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]