Klemet Espeset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Klemet Espeset
Fødd 22. januar 1828
Død

3. februar 1915

Yrke musikar

Klemet Pedersson Espeset (22. januar 18283. februar 1915) var ein norsk plassemann og felespelar frå Øn sokn i Hyllestad.

Klemet var fødd på garden Hydalen i Øn sokn. Han gifta seg i 1850 og flytta kring midten av 1850-åra til husmannsplassen Espeset under garden Lone i Fjaler. På denne husmannsplassen, som låg på austsida av Langesjøen, budde han til han var nærmare 80 år. Siste leveåra budde han på sjølve garden Lone Fjaler på fattigkassa sin kostnad.

Klemet Espeset spele på hardingfele i mange bryllaup. Han kunne mange særmerkte slåttar som Arne Bjørndal skreiv ned. Ein av desse slåttane var den særmerkte Styggemannsslåtten, ein variant av Fanitullen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]