Fanitullen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

«Fanitullen» er nemninga på ein slått og ei historisk segn, stadfest til Øvre Hallingdal1700-talet.

Segna[endre | endre wikiteksten]

«I Larsgal i Hove va dè barsøl ei gong, å i desse lagji va dè två kara som aitte Ådne Sindrol å Levord Haga. I dai ti`enn når dè va barsøl hjå goe folk, vart haile sokne innbe`e. Desse karadn voro uvini, å då dai hadde fått i huvu, bruto dai laust å vilde avgjera uvinskapen der. Kjømaisteren såg koss de vilde bera te å åtvara dai å sa`e: "De fær ain låkle ende mè dikka." Dai vilde inkji lye ette desse, men ruko te å slåst, so dè va raint tå lagji. Dè låg ai tunne ute i gal`e, som folkji hadde tikji upp, å dè va ai tunne som kallast svaidntunna i dai ti`enn. Kjømaistaren vart vare ait liknils som sat te skrev over tunna å let på ain lått, å detta trudde han va den vonde sjøl. Han mè alle hine follo på knjøne å bo`o te Gud, at dè inkji måtte gjerast noko drap på två el`tryå manns eign derifrå. Kjempudn drogo se då sø`ette å slo`ost ette vegji. Då dai voro komne tryå målsveggji på Villandseigne, som è tett sunna Larsgard, vart Levord drepin. Nokle, kara gingo sy igjøno fyr å sjå, å då låg Levord i vegji, å Ådne sad neafyr unde ai furu. Han kunna inkji koma tå flekkji, fyrr dai som kommo hadde ynskt ai stygg forbanning over han; då fysst slapp han laus. Sume se`a at han stupte se på åne, å are, at han rymde vestover fjelle te Dagali, men kor som va, so vart de alder spurt noko te hono mair. Der på stellunn ha se`a sta`e ain stain te minnes.
Låtten som den vonde let på, me`a han sat på tunnunn, vart se`a kalla Fanitullen. Denne låtten går enno i bygdenn, å de tru folk, at når spelemannen i ait lag tek te å hulle på den, so bi det stødt slagsmål fyrr lage slutta.» (Eventyr og segner på målføre, samla og utgjeve av Leiv Heggstad. Målføret er frå øvst i Hallingdal).

Bakgrunn og variantar[endre | endre wikiteksten]

Samtidige rettsvitnemål fortel at det retteleg var eit drap på Larsgard i Hovet under eit barsøl i 1724. Drapsmannen var, som segna seier, Ådne Sindrol. I dei fleste variantane er det fortald at tønna der fanden sat og spela slåtten, låg i kjellaren under huset, og at kjømeisteren kom oppatt og fann Levord daud med det same slåtten tona ut. I denne varianten sit den vonde på tønna «ute i garde», slik at heile laget ser og høyrer.

Det skal og finnast ein variant av segna frå Hemsedal, som truleg er knytt til eit bryllaup. Denne varianten vart grunnlaget for det kjende diktet Jørgen Moe skreiv over segna, og som er den mest kjende attgjevinga. Moe skreiv sin versjon i 1850-åra, mens nasjonalromantikken var på sitt sterkaste. Her foregår handlinga i eit bryllaup i Hemsedal, og Jørgen Moe har lagt til ekstra dramatiske effektar, som beltespenning. Moe har truleg også hatt tilgang på andre kjelder og forteljarar.

Motivet med Fanden på tønna er ein variant av segna om faen på bordlasset, som er knytt til ei rekkje ulike slåttar, gjerne gangarar. Det er berre i segna om Fanitullen ein finn ei slik dramatisk oppbygging av segna, og at det heile endar med drap. Difor har og segna fest seg uvanleg godt.

Slåtten[endre | endre wikiteksten]

Slåtten som er knytt til segna er ein lausslått i 2/4-takt, for det meste spela på trollstilt, men og på høg ters (A-E-A-E). I Telemark finst slåtten som lyarlått, mellom anna spela av Eivind Groven. Den mest kjende forma i dag er etter Odd Bakkerud, som laga ei storform som har vore svært populær som konsertnummer. Denne forma var mellom anna kjenning for Norsktoppen i fleire år, spela av Christiania Fusel & Blaagress, leia av Øystein Sunde (innspeling 1968).

Johan Halvorsen laga eit tonedikt over slåtten og segna, som og er kalla Fanitullen. Opningstaket i dette verket er i røynda henta frå gangaren Førnesbrunen.

Slåtten finst som nr 165 i hardingfeleverket, med to variantar: a etter Sevat Sataøen,[1] Elles finst det ein variant av slåtten på Grålysingsstille, nr 63 etter Sevat Sataøen, og i tillegg ein variant frå Valdres, Fan på Øltunna, etter Andreas Hauge (nr 121), på meir vanleg felestille (A-D-A-D).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

  1. Noter</ref| og b etter Odd Bakkerud.<ref|Noter

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource FanitullenWikikilden (frie originaltekstar)