Kling no, klokka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sjaa, det dagast, snart det lagast,
Snart det lagast til Høgtid ny!
Daa skal oss Klokka leikande lokka,
Leikande lokka til Helg i Sky.

Frå siste verset av salmen

«Kling no, klokka» er ein julesong skriven av Elias Blix, trykt i «4de aukade Utgaava» av Nokre Salmar, Kristiania 1891.

I Nokre Salmar har songen melodireferanse til «Her vil ties, her vil bies», forøvrig same melodireferanse Grundtvig-salmen «Påskemorgen slukker sorgen» hadde i Landstads kirkesalmebog. I dag vert han oftast sungen til ein norsk folketone frå Oppdal, ein variant av ein melodi frå Halle 1705/1708, slik han er notert i Norsk Salmebok (nr 65, 6 vers).

Songen er òg teken inn i den katolske salmeboka Lov Herren, her med 4 vers.

«Kling no, klokka» er den julesalmen av Blix som står sterkast i norsk songtradisjon.

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff:[endre | endre wikiteksten]