Klovtinden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Klovtinden er ein 1274 m høg fjelltopp i ØrstaSunnmøre. Toppen ligg mellom seterdalane Rognstøyldalen og Kvistaddalen, sidedalar til hovuddalføret Bondalen. For å nå heilt til topps må det skarpklatring til. Klovtinden var den av fjelltoppane i Ørsta som vart fyrstebestige sist. Denne fann stad 16. august 1936. Dei tre som klatra til topps var Per Devold, Rolf Haffner og Helge Hagen.

På mange kart har Klovtinden vorte kalla Kopphonnet, men det er namnet på ein markant fjellrygg nord for toppen av Klovtinden.