Knapp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit utval av ulike knappar

Knapp er ei lita, rund eller firkanta skive eller kule som er festa til eit klesplagg for å hekte plagget saman eller til pynt. Knappar kan vere laga av mange ulike materiale, frå edelsteinar til plast.

Ordet knapp er også brukt om ein tapp som fungerer som ein brytar på eit apparat eller intrument, eller om ein kuleforma ting som er festa på den avsluttande delen av noko, til dømes flaggknapp øvst på ei flaggstong.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]