Flaggstong

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Flaggstenger med og utan flagg under Vinter-OL 2014.
Fransk flaggstongdesign frå 1838.

Flaggstong er ei stong reist for å kunna henga opp flagg, vimpel eller banner i. Ei flaggstong kan vera laga av tre, metall eller glasfiber. Ho blir montert loddrett i bakken eller på berg. I toppen kan ho ha ei kule, medan det som skal heisast opp blir halde på plass med ei line.

Ei fasadeflaggstong eller fasadestong er ei mindre flaggstong som ein kan festa på ein vegg eller ein balkong på skrått eller vassrett.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

På flaggstenger kan ein heisa nasjonalflagg, særleg på flaggdagar, helgedagar eller ved andra særskilde høgtider og markeringar som fødselsdagar. Ved andre høve kan ein bruka vimpel.

Ved dødsfall og gravferder heng ein flagg på halv stong for å markera sorg. Dette inneber at ein først heiser flagget til toppen av stonga, før ein straks senkar det ned til 2/3 høgd om det er ei frittående flaggstong, eller til halve høgda om det er ei fasadestong. Når ein tek dette flagget ned gjer ein manøveren baklengs - først heiser ein flagget til toppen og deretter tek ein det ned.[1]

Konstruksjon[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonelle flaggstonger er av tre med eit skår i toppen som flaggstonglina går gjennom. I moderne tid er det vanlegare å laga flaggstenger av glasfiber eller tre limt på ei hol stong med ein ventilasjonskanal i stonga. Gjennom dette risikerer ein ikkje fukt- og roteproblem i stonga. Flaggstenger er ofte kvite, men finst også i andre fargar.

Line[endre | endre wikiteksten]

Flaggstonglina blir sett på plass før ein reiser flaggstonga. Flaggstongliner var opphavleg laga av hamp og liknande, tilverka ved eit reipslageri. I dag er det vanleg med line i spunnen nylon, som er meir haldbart. Ein nytter lina til å heisa flagget opp i flaggstonga og å halda det på plass. Lengda på ei flaggstongline er dobbelt så stor som den til flaggstonga, i tillegg til ei tryggleikslengd på 1-3 meter. Etter oppheising av eit flagg fester ein flaggstonglina med eit dobbelt halvslag på flaggstångsknappen.

Feste for lina[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonell klamp for linefeste.

Flaggstongar kan ha ein klamp til å festa lina i som kan vera av plast, tre eller lettmetall. Han er ofte festa på flaggstonga cirka 1,40 meter over bakkenivå. Det finst også flaggstenger med doble klampar der den øvste sit fire meter over bakken. Ein kan festa lina i den øvre klampen for å hindra uvedkomande frå å tukla med flagget.

Moderne flaggstenger kan ha sveiv i staden for klamp til å heisa og fira flagget med. Flaggstenger på offentlege stader har ofte også ei lita låsbar dør på stonga for å hindra uønskt bruk.

Topp[endre | endre wikiteksten]

Svensk flaggstongkule.

På toppen av ei flaggstong har ein gjerne ei kule. Kula kan ha ulike storleikar og utformingar alt etter kor høg og flott flaggstonga er. Eksklusive kuler kan vera av glas og dekte med bladgull, medan andre kan vera av plast. Kula kan vera heilt rund, oval eller dropeforma. Øvst kan ho ha eit lite spir eller ein verhane.

Vedlikehald[endre | endre wikiteksten]

Ei nylonline bør byttast ut med om lag 10 års mellomrom. Dette kan ofte også vera den tiden ein bør vaska sjølve flaggstonga. Flaggstenger av tre må ein derimot måla jamnleg.

Mål[endre | endre wikiteksten]

Storleik på flagg og vimpel[endre | endre wikiteksten]

Stonglengd (m) 6,00 8,00 9,00 10,0 11,0 12,0 14,0
Flagglengd (m) 1,50 2,00 2,40 2,40 3,00 3,00 3,60
Vimpellengd (m) 2,00 3,00 3,00 3,00 4,00 4,00 5,00

Flaggstenger med høgder på over 100 meter[endre | endre wikiteksten]

Namn/stad Stad Land Høgd (m) Bygd (år) Flaggstorleik (m²) Flaggbreidde (m) Flagghøgd (m) Flaggvekt (kg)
Flaggstonga i Jidda Jidda Saudi-Arabia 171 2014[2] 1635 33 49,5 570
Boghi Partschami millij (Nasjonalflaggparken) Dusjanbe Tadsjikistan 165 2011[3][4] 1800 30 60 700
Dövlət Bayrağı Meydanı (Statsflaggplassen) Baku Aserbajdsjan 162 2010 2450 35 70 350[5][6][7]
Kijŏng-dong Nord-Korea 160 1980-åra 270
Türkmenistanyň Baş Baýdagy Aşgabat Turkmenistan 133 2008 2000
Akaba Jordan 130 2004
Raghadan-flaggstonga Amman Jordan 126 2003 1800
Abu Dhabi Dei sameinte arabiske emirata 122 2001
Merdeka Square Kuala Lumpur Malaysia 100
Awaza Turkmenistan 100 2013[8][9] 600 20 30


Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Flaggning på halv stång». Flaggfabriken National. Arkivert frå originalen 2008-12-01. 
  2. «Tallest unsupported flagpole». Guinness rekordbok. Henta 23. februar 2015. 
  3. «Tadschikistan baut den höchsten Fahnenmast der Welt». Sächsische Zeitung. 25. november 2010. 
  4. «В Душанбе на самом высоком флагштоке в мире поднят флаг (фото)». 24. mai 2011. 
  5. «Der Herr der Stangen». Spiegel online. 8. september 2008. 
  6. «Azerbaijani flag flies on world's tallest flagpole». News.az. 2. september 2010. 
  7. confirmed by the Guinness Book of Records on 29 May 2010
  8. «Hormatly Prezidentimiz Gurbanguly Berdimuhamedow Hazaryň kenaryndaky täze binalaryň açylyş dabaralaryna gatnaşdy». 
  9. «President Gurbanguly Berdimuhamedov attends the ceremonies of opening of new facilities on the Caspian coast». 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]