Knut Åm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Knut Åm
Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. januar 1944 (80 år)
Yrke geolog
Medlem av Norges Tekniske Vitenskapsakademi

Knut Åm (f. 1944 fødd i Årdal i Sogn) er ein norsk sivilingeniør og styremedlem i Statoil frå 1999.

Han har vore tilsett i Oljedirektoratet, Statoil og sidan 1982 i Phillips Petroleum Company, der han var viseadministrerande direktør for Phillips Petroleum Comp., Norway i 1986—1988. I 1988-1990 var han regionsjef i selskapet i Texas og i 1991-1995 vart han administrerande direktør i Phillips Petroleum Company, Norway. Frå 1996 har han leia leite- og produksjonssaktiviteten til Phillips Petroleum i heile verda.

Åm har òg hatt bistilling som professor ved Institutt for geovitenskap ved Universitetet i Bergen.

Åm har vore styrleiar i Oljeindustriens landsforening, Christian Michelsen Research AS og Hitec ASA, i tillegg til president i Norsk petroleumsforening og Norsk geologiråd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]