Equinor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Statoil)
Equinor ASA
Equinor.svg
SelskapsformAllmennaksjeføretak (OSE: STL)
Org.nr.923 609 016
Skipa18. september 1972
DotterselskapEquinor Canada Sjå dette på Wikidata
EigarOlje- og energidepartementet, Folketrygdfondet, Nærings- og fiskeridepartementet Sjå dette på Wikidata
BransjeEnergi
ProduktOlje, gass og raffinerte produkt
LandNoreg Sjå dette på Wikidata
HovudkontorNoreg Stavanger i Noreg
StyreleiarØystein Løseth
Adm. direktørEldar Sætre
Tilsette22 516
Omsetnad650 mrd NOK[1]
Nettstadhttps://www.equinor.com
Den gamle logoen til Statoil på bensinstasjon i Estland

Equinor (Statoil til 2018, StatoilHydro frå 2007 til 2009) er eit børsnotert oljeselskap med den norske staten som hovudeigar. Selskapet har i fyrste rekkje aktivitet på norsk kontinentalsokkel i Nordsjøen. Det er eit integrert oljeselskap, med verksemd knytt til så vel oljeboring som sal av petroleumsprodukt. Hovudkvarteret ligg på Forus utanfor Stavanger sentrum. Selskapet er det største firmaet i Noreg, målt etter omsetnad. Eldar Sætre er konsernsjef i Equinor (frå februar 2015).[2]

Den 1. oktober 2007 vart Statoil fusjonert med Norsk Hydro si avdeling for petroleumsverksemd. Det samla føretaket fekk namnet StatoilHydro. Statoil-sjefen [[Helge Lund## var framleis konsernsjef, medan Eivind Reiten frå Norsk Hydro vart styreformann. Reiten gjekk etter kort tid av som styreformann, og Marit Arnstad tok over. I 2009 vart namnet endra til Statoil igjen. I 2018 endra selskapet namn til Equinor.

Ved fusjonen i 2007 hadde selskapet 31 000 tilsette i 40 land.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Den norske stats oljeselskap A/S Statoil (1972-2001) vart oppretta ved eit samrøystes vedtak i Stortinget den 14. juni 1972. Den politiske motivasjonen bak vedtaket var ynskje om norsk deltaking i oljeutvinninga frå starten av, gjennom eit statsselskap. Ein såg det som sentralt å byggja opp kompetanse kunne danna grunnlag for ein nasjonal oljeindustri. Frå føremålsparagrafen til statsoljeselskapet: Statoil skal selv, eller gjennom andre selskap, «drive undersøkelser etter og utvinning, transport, foredling og markedsføring av petroleum og avledede produkter.»

Så tidleg som i 1973 starta selskapet arbeid for å sikra seg petrokjemisk industri. Etter lobbyverksemd og oppkjøp sat Statoil i 1980 som heileigar av Rafnes-anlegget i Bamble kommune, i tillegg til delt eigarskap saman med Norsk Hydro i Mongstad-raffinerietMongstad. Norsk Hydro selde sin eigardel til Statoil. Statoil satsa sterkt på oppgradering av oljeraffineriet. Prosjektet enda med meir enn 100 % overskriding eller om lag 6 milliardar i ekstrarekning til staten.

Etter dette stod Statoil ansvarleg for fleire utbyggingsprosjekt. Dei største prosjekta var offshore produksjonsanlegg på Gullfaksfeltet, Sleipnerfeltet og Åsgardfeltet.

I første fase av Sleipner-utbygginga sokk den første plattforma til botnar og vart skrota. Åsgard-ubygginga gav kring 18-20 milliardar kroner i kostnadssprekk.

År 2001 markerte eit skilje i norsk oljeindustripolitikk då staten delprivatiserte Statoil med eit sal av om lag 18 % av aksjekapitalen.

Statoil ASA vart namnet på det nye delprivatiserte, norskregistrerte olje- og gasselskapet. Statoil ASA fekk nokre skandaleoppslag, til dømes ei korrupsjonssak i Iran.

I 2007 vart Statoil fusjonert med Norsk Hydro og tok namnet StatoilHydro, før det skifta attende til Statoil frå og med 1. november 2009. [3]

Verksemda for drivstoff og detaljhandel blei skilt ut i eit nytt selskap Statoil Fuel & Retail og børsnotert frå 22. oktober 2010, der Statoil heldt 54 % av aksjene.[4] Det nye selskapet har rett til å bruke varemerket Statoil og drope-logoen fram til september 2019. I juni 2012 fekk Statoil Fuel & Retail ein ny majoritetseigar ved at det kandadiske Alimentation Couche-Tard kjøpte over 80 % av aksjene, inkludert alle Statoil sine aksjer i selskapet.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Børs24 Arkivert 2007-09-28 ved Wayback Machine. Aksjekursen til StatoilHydro ved Oslo Børs
  2. «Eldar Sætre ny Statoil-sjef», Dagbladet, 4. februar 2015, 
  3. Statoil Årsrapport 2009 Arkivert 2016-03-05 ved Wayback Machine., side 36. Henta 21. oktober 2012
  4. Statoil Årsrapport 2010 Arkivert 2016-03-05 ved Wayback Machine., side 12. Henta 21. oktober 2012
  5. «Nå har Statoil solgt bensinstasjonene». DN.no. 21. oktober 2012. [daud lenkje]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]