Kokkola
Kokkola | |||
by | |||
Det gamle rådhuset i Kokkola
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Del av | Vaasa, Swedish-speaking Ostrobothnia | ||
![]() Kokkola | |||
Wikimedia Commons: Kokkola | |||
Karleby, finsk Kokkola, er ein bykommune i landskapet Mellersta Österbotten (finsk: Keski-Pohjanmaa) i Finland. Byen, som ligg ved Bottenvika, har eit landareal på 1492,5 km² og knapt 48 000 ibuarar (2021). Kommunen er tospråkleg, 84 prosent av befolkninga er finsktalande og 13 prosent er svensktalande.
Soge[endre | endre wikiteksten]
Byen vart grunnlagd i 1620 under namnet Gamlakarleby. Opphavleg var det ein handels- og sjøfartsby. På 1900-talet kom ulike industriar i sving, noko som førte til stor auke i folketalet.
Samferdsle og næringsliv[endre | endre wikiteksten]
Karleby har ferjesamband med Skelleftehamn i Sverige. I Yxpila/Ykspihlaja ligg ei av Finlands største uthamner med trelasteksport og oljeimport. Næringslivet er elles prega av sagbruk og trevareindustri, tekstil- og lervare-produksjon, kjemisk industri (svovelsyre), smelteverk (sink) og verkstadindustri.
Karleby/Kokkola er vennskapskommune med Averøy.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Karleby i Store norske leksikon