Averøy kommune
Utsjånad
- «Averøy» omdirigerer hit. For øya kommunen har namn etter, sjå Averøya.
| Averøy kommune | |||
| kommune | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Møre og Romsdal | ||
| Adm.senter | Bruhagen | ||
| Areal | 175,68 km² | ||
| • land | 172,89 km² | ||
| • vatn | 2,79 km² | ||
| Folketal | 5 992 (1. januar 2025) | ||
| Målform | nøytral | ||
| Ordførar | Ingrid Ovidie Rangønes (Ap) | ||
| Kommunenr. | 1554 | ||
![]() Averøy kommune 62°59′50″N 7°33′19″E / 62.997222222222°N 7.5552777777778°E | |||
| Wikimedia Commons: Averøy | |||
| Nettstad: www.averoy.kommune.no | |||
Averøy er ein kommune på nordsmørskysten i Møre og Romsdal. Kommunen grensar i vest til Kristiansund og i sør til Gjemnes og Eide. Averøy kommune ligg på Averøya, den største øya i kommunen, som er skilt frå fastlandet og nabokommunane ved Bremsnesfjorden, Kvernesfjorden og Kornstadfjorden. Averøy femner også fleire mindre øyar og holmar nordvest for hovudøya.
Averøy kommune vart oppretta i 1964 etter samanslåing av den tidlegare kommunen Kvernes, og delane av dei tidlegare kommunane Bremsnes og Kornstad som låg på Averøya, i tillegg til dei mindre øyane på kysten utanfor. Ei mindre grensejustering var i 1983, då Eldhusøya på Atlanterhavsvegen vart overført frå Eide til Averøy.
Folketalsutvikling for noverande Averøy kommune
[endre | endre wikiteksten]| 1801[1] | 1900[2][3][4] | 2000[5] | 2024[5] |
|---|---|---|---|
| 1828 | 4675 | 5409 | 5955 |
Kjende folk frå Averøy kommune
[endre | endre wikiteksten]- Ole Olsson Lindset (1847-1902), spelmann
- Erling Kristvik (1882–1969), rektor og professor.
- Leif Helge Kongshaug (1949-), politikar
- Erling Laugsand, leiar i Senterungdomen
Bilete
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad
- Historiske arkiv etter Averøy kommune, Bremnsnes kommune, Kornstad kommune og Kvernes kommune på Arkivportalen
- ↑ Folketeljing 1801 for Kvernes prestegjeld, frå Digitalarkivet
- ↑ Folketeljing 1900 for Bremsnes herred, frå Digitalarkivet
- ↑ Folketeljing 1900 for Kornstad herred, frå Digitalarkivet
- ↑ Folketeljing 1900 for Kvernes herred, frå Digitalarkivet
- 1 2 Endringer i kommuner, fylker og hele landets befolkning (K) 1951 - 2024, frå Statistisk sentralbyrå

