Kolossalorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aust-fasaden av Louvre

Kolossalorden er ein arkitektonisk søyleorden med søyler eller pilastrar som strekkjer seg over to eller fleire etasjar, ofte i heile høgda til fasaden. Søyler i vanleg etasjehøgd kan flankera vindaugs- eller døropningar i kvar etasje mellom kolossalsøyler eller -pilastrar. Kolossalordenen kan gjera bruk av alle dei klassiske søyleordenane; dorisk, jonisk, korintisk osb. Systemet kom i bruk i renessansen, og eit tidleg døme er kyrkja Sant'Andrea i Mantova av Alberti, påbyrja i 1472. Michelangelo brukte kolossalsøyler i fasadane på Capitol i Roma, oppført frå 1564 til 1568. Kolossalordenen var særleg utbreidd i manierismen og barokken og blei teke opp igjen i historismen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Ahlstrand, Jan Torsten.; Arkitekturtermer. Lund: Studentlitteratur, 1976, ISBN 91-44-02852-0