Pilaster

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pilaster på fasaden til rettsbygningen i småbyen Carrollton i Ohio, bygd 1885 i såkalla Second Empire-stil.

Pilaster er ein bygningsdel med form som ei halv søyle som er bygd inn som del av ein vegg.[1] Han er vanlegvis utspringande med basis og kapitél. Pilasteren kan brukast til forsterking av muren eller understøtting for arkitrav, bjelkar eller boger. Ofte er han berre bruk som dekorasjon for å bryta ei daud flate.

Gigantpilaster i korintisk stil, over to etasjar på ein 1800-tals-bygning i Avenue de l'Opéra i Paris.

Ein pilaster kan ha ei enkel rektangulær form eller han kan ha ornament frå ein av søyleordenane. Om han går rundt eit hjørne blir han kalla hjørnepilaster. Går han over to etasjar, blir han kallea gigantpilaster eller kolossalpilaster. Gigantpilasteren var vanleg i manierismen og barokken. Han blei også brukt av Andrea Palladio.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Pilaster i Store norske leksikon