Kometen kommer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kometen kommer
Kometjakten/Kometen kommer
Forfattar(ar)Tove Jansson
Språksvensk
Utgjeven1946/1968
Nasjonalitetfinsk
ForlagSöderström & co
IllustratørTove Jansson
OmsetjarGunilla Malmström

Kometen kommer er den fyrste eller andre (viss ein reknar Småtrollen och den stora översvämningen som den fyrste) boka i Tove Jansson sine mummibøker. Boka vart fyrst publisert i 1946 som Kometjakten, men i 1968 vart ei omarbeida utgåve utgjeven i staden for - Kometen kommer. Det er i denne boka dei fleste av hovudfigurane vert introdusert.

I denne boka kan me sjå parallellar til atombomba og trusselen som truga verda i form av forureining. Ei kule - kometen - er på veg mot jorda, og spenninga byggjer seg opp. Kometen kjem nærmare og nærmare, og jorda er på veg til å tilinkjegjort. Ein manglar berre dei to fiendane, Sovjetunionen og USA, for å få ei komplett gjenforteljing av Den kalde krigen.

Seinare, i 1992, laga eit japansk filmselskap ein animeversjon av forteljinga, som Tanoshii Moomin Ikka: Muumindani no Suisei.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Mummitrollet og venen Sniff dreg til skogen og fylgjer ein mystisk sti. På vegen møter dei Bisamrotta og silkeapa. Dei dreg på perlefisking saman, og oppdagar ei hòle. Plutseleg ser dei ein komet på himmelen over Mummidalen, og Bisamrotta seier at kometen vil audeleggje heile dalen. Dei reiser ut i ein båt til observatoriumet i fjella for å spørje ein professor om kometen vil audeleggje verda. Fyrst vert dei angripne av krokodillar som et buksene deira. Etter ein stund møter dei Snusmumrikken, som fylgjer med dei. Sniff kjem over nokre store granatar, og prøver å ta med seg nokon heim, men blir forfulgt av ei kjempeøgle. Etter det køyrer dei vidare, til båten kantrar i ein mørk hòle. Dei blir redda frå hòle av en hemul (fetteren til hemulen som bur i mummidalen og er sommarfuglsamlar). Snusmumrikken fortel også dei andre om snorkane, syskena Snorken og Snorkfrøken. Mummitrollet tenkjer stadig på Snorkfrøken medan dei går vidare, og blir meir og meir forelska, til tross for at han berre har høyrt om henne.

Etterkvart finn dei observatoriumet og forskarane fortel dei nøyaktig når kometen vil komme. Fylgjet avgjer at dei skal gå heim for å vere der når kometen kjem, og på vegen høyrer dei rop om hjelp. Det er Snorkfrøken som har blitt fanga av ein kjøttetande plante. Mummitrollet reddar henne, og ho og bror hennar, Snorken, tek fylgje med dei på vegen til Mummidalen. På vegen heim kjem dei òg innom ein landsby og kjøper gåver til kvarandre. Deretter held dei eit stort selskap i skogen, før dei held fram. Varmen frå kometen har tørka opp havet, så gruppa kryssar det på stylter. På vegen møter dei Hemulen, som vert med dei heim til Mummidalen. Heime har Mummimamma og Mummipappa venta på dei. Mummimamma har bakt ei kake, sidan det er Mummitrollets bursdag. Det kan ein jo ikkje gløyme. Dei gøymer seg i hòla dei fann då dei var på perledykking, og familien, Sniff, snorkane, Hemulen, Bisamrotten og silkeapen blir der over natta. Kometen passerer jorda utan å komme nær ho. Boka vert avslutta med at venene feirar og er glade.

Omsetjingar[endre | endre wikiteksten]

Mummibøkene er omsette til mange språk, også denne boka. Frå svensk og finsk (som Muumipeikko ja pyrstötähti) har boka mellom anna blitt omsett og utgjeven på fylgjande språk under fylgjande titlar:

  • Engelsk: The Moomins and the Great Flood
  • Fransk: Une comète au pays de Moumine
  • Kviterussisk: Мумі-троль і комета
  • Islands: Halastjarnan
  • Japansk: 『ムーミン谷の彗星』
  • Polsk: Kometa nad Doliną Muminków
  • Russisk: Муми-тролль и комета
  • Tyrkisk: Moominiya'da kuyrukluyıldız; bazı baskıları Mutlu Moominler
  • Tysk: Komet im Mumintal