Småtrollen och den stora översvämningen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Småtrollene og den store oversvømmelsen


Opph. Småtrollan och den stora oversvämningen

Forfattar Tove Jansson
Utgjeve 1945
Forlag Söderstrøm & co
Nasjonalitet finsk
Omsetjar Gunnel Malmström
ISBN 9788242120236

Småtrollan och den stora oversvämningen, på norsk omsett til Småtrollene og den store oversvømmelsen, er ei bok skriven av den finske forfattaren Tove Jansson og utgjeven for fyrste gong i 1945 av forlaget Söderström & co. Det var opphavleg den fyrste av mummibøkene, men har seinare også blitt sett som ei forløpar til dei andre bøkene, ettersom dei fleste av hovudkarakterane vert introduserte i den neste boka (Kometen kommer).

I denne boka kan ein kan sjå og trekkje parallellar til andre verdskrig og norske flyktningar som kom frå det nordlegaste av Noreg over til Finland då det endå var mogeleg å flykte.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Mummimamma og Mummitrollet reiser forbi ein stor og skummel skog medan dei leiter etter mummipappa, som har dratt på eventyr med hattifnattane. Dei møter eit lite vesen (i seinare bøkene kalla Sniff) som følgjer med dei. Dei brukar ein tulipan for å lyse opp vegen dei går på, og blir angripe av ein stor slange. Dei blir redda av ein vakker kvinne med blått hår og namnet Tullipa som kjem ut av tulipanen og skremmer bort slangen. Seinare kjem dei til heimen til ein gammal mann, som inviterer dei til å bo i hagen hans, som er laga av godteri. Dei finn ut at sola er laga av skinnande papir, og veljar difor å fortsetje reisa si. Mummimamma blir angripen av ein maurløve, men blir redda av dei andre. Dei finn hattifnattane, og kjem i ein båt med nokre av dei. Båten går ikkje i nokon spesiell retning, så dei inviterer eit sjøtroll til å komme om bord i båten for å styre skipet. Dei når dermed land, og sjøtrollet og hattifnattane drar sin eigen veg. Mummimamma, Mummitrollet, det vesle vesenet og Tulippa fortset å leite etter Mummipappa, og kjem til eit hus kor det bur ein raudhåra gut. Han seier at han såg Mummipappa. Mummimamma, Mummitrollet og det vesle vesenet skundar seg og leiter vidare etter Mummipappa, medan Tulippa vel å bli hos guten. Dei finn snart ut at oversvømminga har begynt, og reddar ein katt og kattungane hennar før dei brukar ein stol som båt for å leite meir etter Mummipappa. Dei finn ein beskjed frå Mummipappa der han ber om hjelp, og med hjelp frå ein stork finn dei Mummipappa etterlaten i eit tre. Dei reddar han og får han inn på fastlandet, men Mummipappa er veldig oppsett fordi han har mista Mummihuset, som han bygde spesielt for familien, i oversvømmelsen. Dei bestemmer seg for å gå ein tur, og i ein vakker dal finn dei Mummihuset, som hadde blitt drive dit av straumen.

Omsetjingar[endre | endre wikiteksten]

Mummibøkene er omsette til mange språk, også denne boka. Frå svensk og finsk (som Muumit ja suuri tuhotulva) har den bl.a. blitt omsett og utgjeven på følgjene språk under følgjene titlar:

  • Engelsk: The Moomins and the Great Flood
  • Kviterussisk: Смотрульлен ок дэн стура 'ёверсвёмнінґэн
  • Japansk: 『小さなトロールと大きな洪水』
  • Polsk: Małe trolle i duża powódź
  • Russisk: Большое наводнение
  • Tyrkisk: Moominler ve Büyük Sel
  • Tysk: Mumins lange Reise