Komfyr
Utsjånad

Komfyr er ein omn brukt til matlaging, hovudsakleg på kjøkken. Komfyrar har gjerne platetopp og steikeomn. Opphavleg brukte ein vedkomfyr til å laga mat på, men i moderne tid har ein også teke i bruk kol, brennbar gass og elektrisk straum til å varma mat. I Noreg er elektrisk komfyr vanlegast.
Komfyrar kan koma som frittståande møblar med platetopp oppå og steikeomn nede, eller desse kan koma separat slik at dei kan installerast kvar for seg. I ein vedomn kan ein nytta varmen frå steikeomnen til plater eller ringhòl oppå, men i moderne komfyrar treng ein ikkje dette.
Ordet «komfyr» kjem via nederlandsk frå gammalfransk chauffoir, 'varmestove'.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]- Vedkomfyr frå 1900.
- Moderne indisk vedkomfyr.
- Kolkomfyr
- Gasskomfyr frå England i 1934.
- Elektrisk komfyr i Malawi.
- Moderne gassplatetopp.
- Elektrisk platetopp med glødande plater fotografert i 2005.
- Induksjonskomfyr som koker vatn gjennom papir fotografert i 2011.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Denne matartikkelen som har med teknologi å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |