Kommet Forlag
Kommet forlag er eit forlag starta av Jan Erik Vold og Helge Rykkja. Forlaget var i drift ei kort tid på 1960-talet og igjen tidleg på 2000-talet. Diktarane brukte forlaget til å driva «pirattrykking» der diktaren sjølv hadde kunstnarisk og økonomisk kontroll. Ved hjelp av moderne offsettrykk kunne det trykka bøker slik forfattarane sjølv hadde utforma dei.
I 1966 kom Rykkja og Vold med kvar si utgjeving på forlaget. BOK, Helge Rykkja sin debut, var trykt i forfattaren si eiga handskrift og inneheldt korte, avantgardistiske tekstar, medan blikket av Jan Erik Vold eksperimenterte med rekkjefølga av fem maskinskrivne ord over fleire sider.
I 2003 gav Vold ei ny, kort diktsamling ut på forlaget, Diktet minner om verden, signert av forfattaren.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Treff på «Kommet forlag» eller «Kommet Frolag»[daud lenkje] på BIBSYS
- Gunnar Foss, Jan Erik Vold 1966 – avantgardist, pirate editor and offset enthusiast. PDF-fil
- Helge Rykkja, Bok Arkivert 2011-07-11 ved Wayback Machine. ved helgerykkja.com
- Nils-Øivind Haagensen, Politiske dikt og hvorfor ikke? i Klassekampen 24. april 2004