Kommunar i Den palestinske sjølvstyresmakta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

I territoria som vart administrert av Den palestinske sjølvstyresmakta, er ein kommune (arabisk هيئة محلية) ei administrativ eining med eit lokalt styre liknande ein by. Dei vart grunnlagde etter Lokalstyredepartmentet til Den palestinske sjølvstyresmakta vart oppretta i 1994. Alle kommunane har eit eige kommunestyre. Medlemmane i kommunestyret og borgarmeisteren vert valde av innbyggjarane i kommunen. Det finst fire forskjellige kommunetypar i kvart guvernement.

Kommunetypar[endre | endre wikiteksten]

Komune A (by) - Hovudkommunar eller distriktshovudstader i guvernementet. Det er 14 kommunar på nivå A. Desse vert alle rekna som byar. Kommunestyret består av 13 medlemmar og ein styreformann, i tillegg til ein vald borgarmeister.

Kommune B (by eller tettstad) - Kommunar som har innbyggjartal over 8 000 innbyggjarar eller har lenge eksistert som lokale kommunar under israelske administrasjon. Det finst 41 kommunar på nivå B. Dei har eit kommunestyre med 13 medlemmar og ein styreformann.

Kommune C (tettstad) - Kommunar med folketal kring 4 000-8 000. Dei fleste vart oppretta av Den palestinske sjølvstyresmakta i nyare tid. Det finst 47 kommunar på nivå C, styrt av eit kommunestyre med 11 medlemmar.

Kommune D (landsby) - Kommunar med folketal over 1 000. Det finst 220 kommunar på nivå D, som vert styrte av eit kommunestyre med 9 medlemmar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]