Kommune- og fylkestingval

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kommune- og fylkestingval er to ålmenne val for alle med røysterett som går føre seg samstundes i kvar kommune i Noreg kvart fjerde år for å velje representantar til kommunestyret i vedkomande kommune, og for å velje representantar til fylkestinget i fylkeskommunen i det fylket kommunen ligg i.

Kommune- og fylkestingvala vert lagt til ein mandag i september månad i valåret. Men dei einskilde kommunane kan fastsetje at vallokala i kommunen òg skal vere opne sundagen før denne mandagen.

Før andre verdskrigen var det kommuneval så ofte som kvart tredje år.