Komponisten William Wallace

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Komponisten William Wallace
Fødd3. juli 1860
FødestadGreenock
Død16. desember 1940 (80 år)
DødsstadMalmesbury
OpphavStorbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Sjangeropera
Verka somøyelege, komponist, musikkteoretikar, kirurg, musikkpedagog, lyrikar, skodespelforfattar, kunstmålar, militær
MorMary Cecilia Williamson
FarJames Wallace
Gift medOttilie Maclaren Wallace

William Wallace (3. juli 186016. desember 1940) var ein skotsk komponist, lærar, forfattar og kunstmålar. Han høyrer til dei viktige romantiske komponistane frå Skotland.

Wallace var ein romantisk/klassisk komponist som var fødd i Greenock i Skottland. Han studerte fyrst oftalmologi på universiteta i Glasgow, Wien og i Paris, men studerte deretter komposisjon ved Det kongelege musikkonservatoriet i London, der han seinare òg blei lærar i komposisjon. Wallace skreiv ein symfoni, 6 symfoniske dikt, orkesterverk, suitar, ouverturar og anna. Han var sterkt påverka av Franz Liszt, og var ein tidleg komponist av symfoniske dikt i Storbritannia.

Han var òg forfattar av litterære verk og kunstmålar.[1] Han skreiv fleire musikkbøker.

Under fyrste verdskrigen gjorde Wallace teneste i dei oftalmiske einingane i Eastern Command, med rang som kaptein.[2]

Wallace var gift med bilethoggaren Ottilie Maclaren Wallace. Dei møtte kvarandre på 1890-talet og blei hemmeleg trulova i 1896, men kunne fyrst gifta seg 11. april 1905.[3]

Verk i utval[endre | endre wikiteksten]

Orkesterverk[endre | endre wikiteksten]

  • 1891 – An American Rhapsody
  • 1891 – A Scots Fantasy
  • 1891–92 – Suite in A, The Lady of the Sea (urframført ved Stock Exchange Orchestral Society, London, 18. februar 1892)
  • 1892 – The Passing of Beatrice, symfonisk dikt [No.1] (urframført ved Crystal Palace, London, 26. november 1892)
  • 1893 – Prelude to The Eumenides (urframført ved Crystal Palace, London, 21. oktober 1893)
  • 1894 – In Praise of Scottish Poesie, konsertouverture (urframført ved Crystal Palace, London, 17. november 1894)
  • 1896 – Amboss oder Hammer, symfonisk dikt [No.2] (urframført ved Crystal Palace, London, 17. oktober 1896) (lost)
  • 1898 – Asperges, symfonisk dikt (ufullendt)
  • 1898 – The Covenanters, symfonisk dikt (ufullendt)
  • 1898 – The Forty-Five, symfonisk dikt (ufullendt)
  • 1896–99 – The Creation, symfoni (urframført ved The Tower, New Brighton, 30. juli 1899)
  • 1899 – Sister Helen, symfonisk dikt [No.3] (urframført ved Crystal Palace, London, 25. februar1899)
  • 1900–01 – Greeting to the New Century, symfonisk dikt [No.4] (urframført ved Queen's Hall i London, 27. mars 1901)
  • 1905 – William Wallace AD 1305–1905, symfonisk dikt [No.5] (urframført ved Queen's Hall i London, 19. september 1905)
  • 1909 – Villon, symfonisk dikt [No.6] (urframført ved Queen's Hall, London, 10. mars 1909)
  • Annie Laurie

Kor- og vokalverk[endre | endre wikiteksten]

  • 1886–88 – A Festival Mass, for kor og orkester
  • 1890 – Lord of Darkness, scena for baryton og orkester (urframført ved Royal Academy of Music, London, 1890)
  • 1896 – The Rhapsody of Mary Magdalen, for sopran og orkester (urframført ved Queen's Hall, London, 15. desember 1896)
  • 1899 – Freebooter Songs, for baryton og orkester (fp. The Tower, New Brighton, 30. juli 1899)
  • 1900 – Jacobite Songs, for røyst og orkester
  • 1908 – The Outlaw, ballade for baryton, (valfritt) mannskor og orkester
  • 1910 – The Massacre of the Macpherson, burlesk ballade for mannskor og orkester (urframført ved Leeds Musical Union, 1910)
  • Keholeth, symfoni for kor og orkester (ufullendt)

Opera[endre | endre wikiteksten]

  • 1896 – Brassolis, lyrisk tragedie i ei akt

Teatermusikk[endre | endre wikiteksten]

  • 1896 – Romeo and Juliet
  • 1897 – Pelléas et Mélisande (suite urframført ved The Tower, New Brighton, 19. august 1900)

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • The Threshold of Music: An Inquiry into the Development of the Musical Sense (1908)
  • The Musical Faculty (1914)
  • Richard Wagner as he lived (1925)
  • Liszt, Wagner and the Princess (1927)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «William Wallace (1860-1940) on Hyperion Records», Hyperion Records (på engelsk), henta 1. juli 2023 
  2. Music Web International
  3. Purser, John. "The tragic silence of composer William Wallace" in The National, 4 November 2016