Konfekt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei eske Kong Haakon-konfekt.

Konfekt (av latin conficere, ‘laga til’)[1] er små, søte godbitar med ulike innhald, ofte fint pynta og presentert. Ein vanleg type konfekt er fylt sjokolade, som ein kan kjøpa mange stader og som gjerne blir presentert i ei eske med rom for kvar bit.[2] Marsipan, nøtter og kandisert frukt er også typiske ingrediensar. Bakverk som kan nyttast som konfekt blir gjerne kalla konfektkake.[3]

I Noreg er dei klassiske konfekteskene frå Freia kalla opp etter norske kongar, medan Sfinx er eit produkt frå Nidar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «konfekt» i Norsk Ordbok
  2. «konfekt». Store norske leksikon (på norsk). 23. august 2023. 
  3. Bjorland, Ingvill (9. desember 2023), «Herleg heimelaga konfekt», NRK, henta 14. desember 2023