Hopp til innhald

Konge av romarane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Konge av romarane (latinsk Romanorum Rex) vart nytta av dei tysk-romerske keisarane etter at dei hadde vorte stadfesta som keisarar, men før dei hadde vorte krona av paven. Tittelen må ikkje forvekslast med dei mytiske kongane av Roma.

Denne funksjonen byrja seint i den saliske perioden, men tittelen hadde allereie vorte brukt så tidleg som i ottoske tider, særleg av keisar Henrik II, då han erstatta tittelen konge av tyskarane (latin Rex Teutonicorum), som impliserte ein keisarleg rolle som på dette tidspunktet vart avvist av paven.

Han vart òg brukt som tittel for ein arving til keisartrona som vart vald medan keisaren framleis levde.

Etter kroninga som heilag romersk keisar (og nokre gonger før det) vart tittelen erstatta med det keisarlege semper Augustus («alltid Augustus», eller «alltid majestetisk», «alltid opphøgd», «alltid større», frå lat. augere).

Ikkje alle som vart vald til konge av romarane vart krona til keisar.

Dei følgjande var regjerande kongar av romarane, altså menn som styrte riket utan å vere underlagt ein annan herskar, men som ikkje enno hadde vorte krona til keisar.

KongeVart kongeSlutta å vere kongenAnna
DatoÅrsak
Otto III983996krona keisar
Henrik II10021014krona keisar
Konrad II10241027krona keisar
Henrik III10391046krona keisar
Henrik IV10561084krona keisar
Rudolf25. mai 107715 . okt. 1080dødAntikonge
Hermann6. aug. 108128. sept. 1088dødAntikonge
Henrik V11051106i opposisjon til Henrik IV
11061111krona keisar
Lothar III11251133krona keisar
Konrad III11271135i opposisjon til Lothar
11381152død
Fredrik I11521155krona keisar
Henrik VI11901191krona keisar
Fredrik II11971197abdiserte
Filip11981208død
Otto IV11981208i opposisjon til Filip
12081209krona keisar
Fredrik II12121220krona keisar
Henrik Raspe22. mai 124616. februar 1247dødAntikonge
Vilhelm av Holland124728. januar 1256dødAntikonge
Konrad IV12501254død
Richard av Cornwall12571272Aldri effektiv herskar av Tyskland
Alfonso av Castile12571275Antikonge til Richard, aldri effektiv herskar av Tyskland
Rudolf I12731291død
Adolf12921298avsett and killed
Albert I12981308død
Henrik VII13081312krona keisar
Fredrik the Fair13141322i opposisjon til Ludvig IV
13261330i lag med Ludvig IV
Ludvig IV13141328krona keisar
Karl IV13461347i opposisjon til Ludvig V
13471355krona keisar
Wenceslaus13781400avsett
Rupert14001410død
Jobst av Mähren14101411dødi opposisjon til Sigismund
Sigismund14101411andre valti opposisjon til Jobst
14111433krona keisar
Albert II14381439død
Fredrik III14401452krona keisar
Maximilian I14931508tok keisartittelen

Utpeikte arvingar

[endre | endre wikiteksten]

Det tysk-romerske riket var eit valrike. Ingen personar hadde ein lovleg rett til å ta over trona, sjølv om han var i slekt med den noverande keisaren. Keisaren kunne, og gjorde ofte det, han ein slektning (som regel son), som han valde til å etterfølgje seg etter han døydde. Denne utpeikte arvingen bar tittelen «konge av romarane». Valet av denne var på same måte som den eldre herskaren, og tydde teoretisk sett at dei to mennene var medregentar av riket.

Dei følgjande var underordna kongar til ein annan tysk-romersk keisar (vanlegvis, men ikkje alltid, for far sin).

NamnDato tiltreddDato avsluttaÅrsakForholdRegjerande keisar
Otto II9617. mai 973etterfølgd som konge (keisar 967)sonOtto I
Henrik III10284. juni 1039etterfølgd som konge (keisar 1046)sonKonrad II
Henrik IV10535. oktober 1056etterfølgd som konge (keisar 1084)sonHenrik III
Konrad1087April 1098avsettsonHenrik IV
Henrik V6. januar 10991105etterfølgd som konge (keisar 1111)sonHenrik IV
Henrik Berengar30. mars 11471150dødsonKonrad III
Henrik VI116910. juni 1190etterfølgd som konge (keisar 1191)sonFredrik I
Fredrik II119628. september1197etterfølgde og abdiserte (via regentskap) 1197
valt til konge (med opposisjon) 1212
Keisar 1220
sonHenrik VI
Henrik (VII)12204. juli 1235avsettsonFredrik II
Konrad IV123713. desember 1250etterfølgd som kongesonFredrik II
Wenceslaus10. juni 137629. november 1378etterfølgd som kongesonKarl IV
Maximilian I16. februar 148619.. aug.ust 1493etterfølgd som konge (keisar 1508)sonFredrik III
Ferdinand I5. januar 15313. mai 1558etterfølgd som KeisarbrorKarl V
Maximilian II28 November 156225. juli 1564etterfølgd som KeisarsonFerdinand I
Rudolf II27. oktober 157512. oktober 1576etterfølgd som KeisarsonMaximilian II
Ferdinand III22. desember 163615. februar 1637etterfølgd som KeisarsonFerdinand II
Ferdinand IV31. mai 16539. juli 1654dødsonFerdinand III
Josef I23. januar 16905. mai 1705etterfølgd som KeisarsonLeopold I
Josef II27. mars 176418. august 1765etterfølgd som KeisarsonFrancis I

Det første franske keisardømet

[endre | endre wikiteksten]

Napoleon I av Frankrike hadde ein son og arving, Napoleon II, fekk han tittelen konge av Roma.