Sigismund av Det tysk-romerske riket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sigismund av Det tysk-romerske riket

Fødd15. februar 1368
FødestadReichsstadt Nürnberg
Død9. desember 1437
DødsstadZnojmo
GravstadOradea
Gift medMaria av Ungarn, Barbara Celjska
DynastiHuset Luxembourg
FarKarl IV av Det tysk-romerske rike
MorElisabet av Pommern
BornElisabeth av Luxemburg, N. of Luxemburg, Prince of Hungary, János Hunyadi

Sigismund av Det tysk-romerske riket (15. februar 13689. desember 1437) var tysk-romersk keisar, kurfyrste av markgrevskapet Brandenburg, konge av Ungarn og konge av Kroatia. Han var den siste keisaren frå huset Luxembourg.[1]

Sigismund var son av keisar Karl IV. Han var kurfyrste av Brandenburg frå 1378 til 1388 og frå 1411 til 1415, konge av Ungarn og Kroatia frå 1387, romersk-tysk konge frå 1411, böhmisk konge frå 1419 og tysk-romersk keisar frå 1433 til han døydde. I 1396 gjennomførte Sigismund eit krosstog mot tyrkarane, som endte med nederlag ved Nikopolis. I hans regjeringstid fann konsilet i Konstanz (1414–1418) og husittarkrigane (1419–1436) stad.

Då Sigismund overtok som böhmisk konge etter sin bror Vaclav i 1419, var det sterk motstand frå husittane mot ein fyrste som hadde medverka til bålferda til Jan Hus i 1415. Sigismund kunne derfor fyrst halda inntoget sitt i Praha i 1436.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Sigismund | Holy Roman emperor», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 3. mars 2020 
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.