Karl V av Det tysk-romerske riket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Keisar Karl V. (Portrett måla av Christoph Amberger, kring 1532)

Karl (24. februar 150021. september 1558) fødd i Gent i dagens Belgia og døydde i Yuste i Extremadura i Spania. Karl var keisar av Det Heilage Romerske Riket av Tysk Nasjon som Karl V i åra 15191558; han var òg konge av Spania 15161556.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Han var son av Filipp I og Johanna av Castilla. Han var barnebarn av Ferdinand II av Aragon og Isabella I av Castilla og av keisar Maximilian og hertuginne Maria av Burgund. Såleis høyrde til han fyrstehuset Habsburg.

Keisartid[endre | endre wikiteksten]

Karl V var den siste tysk-romerske keisaren som vart krona av Paven.

Han er òg kjend som den som var keisar då Martin Luther praktiserte si forkynning, og han kalla Luther inn til eit møte der Luther vart lyst i bann av katolikkane. Keisaren heldt fast ved sin religion, og han ynskte i utgangspunktet å kjempa for katolisismen i samband med reformasjonen. Seinare godtok keisaren ei avtale mellom katolikkar og protestantar.

Karl V førde krig mot det osmanske riket, som utgjorde eit trugsmål mot Italia, Austerrike og kysten av Spania. Erkefienden, Frans I (François premier), kongen av Frankrike, allierte seg derimot med osmanarane for å svekka makta til Karl.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Som spansk konge var har eigentleg Carlos I, Karl I av Spania, men vert ofte omtala som Karl V (Carlos Quinto eller Carlos V) i Spania og Latinamerika. Andre namnevariantar er Charles V og Karel V.

Ymse[endre | endre wikiteksten]

Karl V vart fødd i Flandern, og må dermed ha lært seg fransk og nederlandsk på eit tidleg tidspunkt. Då han kom til Spania, lærde han fort å tala godt kastiljansk spansk. Han skal visstnok ha sagt «Eg talar spansk med Gud, fransk med menn, italiensk med damer og tysk med hesten min».

Sidan han òg herska over spanske koloniar i Latin-Amerika og på Filippinane, skal han òg ha sagt «I mitt rike går sola aldri ned».