Kongebjørka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 62°44′25″ N 7°7′41″ E

Kong Haakon VII og kronprins Olav ved kongebjørka i april 1940.

Kongebjørka ved Glomstua i Molde er eit norsk nasjonalsymbol og minnesmerke over den tyske okkupasjonen av Noreg. Bjørka var eit tre ved Glomstua utanfor Molde som kong Haakon VII og kronprins Olav blei fotograferte ved i april 1940. Ho er sidan blitt erstatta av yngre tre.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I slutten av april 1940 gøymde kong Haakon og kronprins Olav seg på Glomstua medan tyskarane bomba Molde. For å hindra rykte om at kongen hadde abdisert, døydd eller flykta frå landet blei Per Bratland frå pressetenesta til utanriksdepartementet henta til gøymestaden. Her tok han fleire bilde av kongen og kronprinsen. Kort tid etter drog kongen og sonen til Nord-Noreg. Bratland kom til Stockholm der bilda blei gjort offentlege.[1]

Nokre månader seinare kom Bratland til Den norske legasjonen i London. Her fortalde han Nordahl Grieg historia bak fotografia, og Grieg blei inspirerte til å skriva diktet «Kongen».[1] Diktet og bildet av kongen ved bjørka blei begge viktige symbol på norsk motstand.

I 1955 avduka Kong Haakon ei minnetavle ved bjørka.[2] Relieffet var laga av Hjalmar Hansen med middel samla inn av Molde Lotteforening.[1]

I 1981 blei treet forsøkt øydelagd med sag av ukjende gjerningsfolk. Det klarte seg, men året etter planta kong Olav eit nytt tre like ved.[3] Også dette treet blei utsett for hærverk to gonger, men det overlevde.[1]

Under Nyttårsorkanen 1. januar 1992 blei det gamle treet velta og øydelagd. I juni 1992 planta kong Harald si bjørk. Han avduka også ein ny minnestein med eit relieff av kong Olav og eit vers frå eit nytt kongedikt skrive av Knut Ødegård.[1]

Fredslunden like ved bjørka blei innvigd i 1997. Han blei skip til av Knut Ødegård, president for Bjørnsonfestivalen.[1]

«Kongen»[endre | endre wikiteksten]

Utdrag frå «Kongen» av Nordahl Grieg:

Slik vil kongen leve for oss:
Ved en sølvblek bjørkestamme,
mot en naken vårskogs mørke,
står han ensom med sin sønn.
Tyske bombefly er over.
(...)
Han og bjørken hører sammen.
Som de døde er med mulden
er hans sjel blitt ett med landet.
(...)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Molde kommunue, Kongebjørka og Fredslunden, 2012.
  2. VG – 05.05.1955 – Side: 1 og 8
  3. VG - Ny bjørk (12.8.1982, side 11)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]