Haakon VII av Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Haakon VII av Noreg
Haakon7.jpg
Haakon VII av Noreg (tidlegare prins Carl) ca. 1905
Konge av Noreg
Regjeringstid 18. november 1905 - 21. september 1957
Fødenamn Christian Frederik Carl Georg Valdemar Axel
Fullt namn Haakon VII
Titlar Konge av Noreg
Fødd 3. august 1872, Charlottenlund slott
Død 21. september 1957 (85 år), Oslo
Gravlagd Det kongelege mausoleetAkershus festning
Føregjengar Oskar II av Noreg og Sverige
Etterfølgjar Olav V av Noreg
Ektefelle Maud av Noreg
Motto «Alt for Norge»
Hus Fyrstehuset Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg
Far Fredrik VIII av Danmark
Mor Lovisa av Sverige
Born Olav V av Noreg

Haakon VII (3. august 187221. september 1957) var konge av Noreg frå 1905 til 1957. Etter unionsoppløysinga i 1905 vart det fleirtal i folkerøysting for å tilby den norske trona til han, og Haakon VII vart konge av Noreg den 18. november 1905. Han vart døypt Christian Frederik Carl Georg Valdemar Axel, men gjekk under namnet «prins Carl» før han tok det norske kongenamnet Haakon.

Prins Carl var den nest eldste sonen til kong Frederik VIII av Danmark, og yngre bror av kong Kristian X av Danmark. Farfaren var kong Kristian IX av Danmark, medan morfaren var kong Karl IV av Noreg (Karl XV) av Sverige.

I 1896 gifta han seg med syskenbarnet Maud Charlotte Mary Victoria Windsor, som i 1905 vart dronning Maud.[1] Ho var yngste dotter av kong Edvard VII av Storbritannia og Irland.

22. juni, 1906 vart Maud og Haakon krona som det siste kongeparet i Nidarosdomen i Trondheim.[2]

Under den andre verdskrigen frå 1940 til 1945 var kong Haakon i eksil i London. Kongen og kongefamilien vart eit viktig symbol på norsk motstand mot okkupasjonsmakta.

Han vart etterfylgd som konge av sonen sin, Olav.

Dekorasjonar[endre | endre wikiteksten]

Kong Haakon VII var innehavar av følgjande norske og utanlandske ordenar, medaljar og dekorasjonar. Oversikta er basert på Kongehuset si liste over dekorasjonar,[3] med tillegg av andre offisielle utmerkingar det er kjent at han var innehavar av.

Norske dekorasjoner




Utanlandske dekorasjonar



Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kong Haakon VII (1872-1957) frå Kongehuset.no
  2. Kroningen av Kong Haakon og Dronning Maud frå Kongehuset.no
  3. Kong Haakons dekorasjoner, kongehuset.no.
  4. Erik Gjems-Onstad (red.), Krigskorset og St. Olavsmedaljen med ekegren (1995) Grøndahl Dreyer. s. 17.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Haakon VII av Noreg
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.