Kongemakta Aragón

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kongemakta Aragón då det var på sitt største, på 1380-talet

Kongemakta Aragón var ein permanent union av fleire statar som var underlagt Kongen av Aragón. I stordomstida til unionen på 1300- og 1400-talet omfatta han store delar av det som i dag er det austlege Spania, sørvestlege Frankrike, sørlege Italia og austlege Hellas. Dei ulike områda var ikkje ei politisk eining, bortsett frå at dei var samla under ein konge. Kongemakta Aragón fungerte dermed meir som ein konføderasjon enn som éin enkelt stat.

Kongemakta Aragón må ikkje forvekslast med Kongedømet Aragón, som var eit av områda i unionen.

I 1479 oppstod ein ny personalunion mellom kongemakta Aragón og kongemakta Castilla, og det som skulle verte Kongedømet Spania vart skapt. Titlane nytta i kongemakta Aragón vart òg nytta av den spanske monarken fram til 1716, då dei vart avskaffa gjennom Nueva Planta-resolusjonen etter den spanske arvefølgjekrigen.

Område under krona[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]