Kongeparken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kongeparken

Kongeparken feira 20 års jubileum i 2006.
Skipa1986
HovudkontorÅlgård
LandNoreg
Nettstadhttps://www.kongeparken.no

Kongeparken er ein familiepark i Gjesdal i Rogaland som ligg langs E39, rundt 20 minutts køyring sørover frå Stavanger. Landemerke og trekkplaster for parken er ein 85 meter lang modell av fantasifiguren Gulliver slik han låg bunden i Lilliput. Parken er kjend for å arrangera russetreff kvar vår.

I Kongeparken kan gjestane mellom anna køyra ein 1000 meter lang bobbane, klatra i Gulliver-figuren og laga sin eigen sjokolade i «Freias Magiske Sjokoladefabrikk».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Parken blei opna i 1986 av Gabriel Ålgård. På grunn av sviktande besøkstal blei parken seld og prøvd refinansiert fleire gonger. I 1997 tok dagens eigarar, Lund-familien, over drifta. Familien har lang erfaring innan underhaldingsfaget frå Lunds Tivoli. Dagleg leiar for parken er Veslemøy Lund.

Då familien overtok parken var besøkstallet om lag 45 000. Sidan då har det stige til om lag 160 000 (2005).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]