Kongsvinger Kunstforening

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kongsvinger Kunstforening er ei kunstforeining i Kongsvinger, skipa i 1978 av kunstnaren Rolf Grude. Foreininga har mellom fem og sju utstillingar i året med verk av kunstnarar som har vorte inviterte, eller som har søkt om å få stille ut, vandreutstillingar og andre utstillingar organisert av ymse institusjonar, og dessutan ei årleg utstilling av medlemane sin eigen produksjon.

Kunstforeininga hadde sine fyrste lokale i Jonas Lies gate i Kongsvinger. Frå 1982 fekk foreininga leige godt høvelege lokale til kontor og utstillingar i Aamodtgården i Øvrebyen i Kongsvinger, eit hus i empirestil frå 1798 i høgda oppunder Kongsvinger festning. Huset er eigd av ei stifting under Kongsvinger museum (som no er eit konsolidert museum under driftsselskapet Anno museum). I Aamodtgården fekk foreininga til rådvelde totalt 110 rutemeter. Utstillingslokala er delt inn i eit hovudrom, eit mindre rom og ein gang, til saman 90 rutemeter. Her er tilhøva gode både når det gjeld kunstig og naturleg ljos. Lokala vart sett i stand med økonomisk stønad til oppussing frå Norsk kulturråd i kombinasjon med ein stor dugnadsinnsats frå medlemane og styret i kunstforeininga.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]