Anno museum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Anno museum AS, som marknadsførar seg som ANNO Museene i Hedmark, vart skipa i 2009 ved at fleire store og små museum kringom i heile Hedmark vart slegne saman som Hedmark fylkesmuseum AS, som i 2014 endra namnet til Anno museum AS. Museet er organisert som eit aksjeselskap der Hedmark fylkeskommune er største aksjonæren med 35 % av aksjane, medan dei ulike stiftingane som eig dei einskilde musea som no har vorte avdelingar av Anno museum, har aksjepostar av ulike storleikar i selskapet. Administrasjonen har tilhald i Elverum.

Einingar under Anno museum[endre | endre wikiteksten]

Norsk skogmuseum, Glomdalsmuseet, Domkirkeodden, Kirsten Flagstad Museum i Hamar, Kongsvinger museum, Kvinnemuseet, Migrasjonsmuseet, Trysil Engerdal museum og Musea i Nord-Østerdalen (på Ramsmoen), Blokkodden villmarksmuseum, Dølmotunet, Eidskog museum, Husantunet, Klevfos industrimuseum, Odalstunet, Oddentunet, Rendalen bygdemuseum, Sagstua skolemuseum, Skinnarbøl skolemuseum, Skålbergsætra, Sørlistøa Fløtermuseum, Trysil bygdetun, Tylldalen bygdetun, Tynset bygdemuseum, Uppigard Streitlien og Aamodtgården.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]