Empirestil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Triumfbogen i Paris er utforma etter mønster av Titusbogen i Roma.

Empirestil, òg kalla keisarstil, er ei kunsthistorisk stilretning på byrjinga av 1800-talet innanfor kunst, arkitektur, møbel- og klesmote, kjenneteikna av klassisistiske drag. Stilen vart utvikla i Frankrike under keisar Napoléon Bonaparte, der denne stilen gjorde seg gjeldande i perioden frå om lag 1800 til 1820. I Noreg reknast stilen til perioden frå om lag 1810 til 1840.

Stil[endre | endre wikiteksten]

Stilen er klassisistisk, han byggjer på arven frå greske og romerske kulturane.

Stilen er altså klassisistisk, det vil seie at han byggjer på arven frå antikken, anten arven frå det gamle Romarriket eller det gamle Hellas. I Frankrike har det vore ei meir eller mindre sterk og samanhengande romerskklassisistisk retning frå renessansen og framover, sjølv i tider då andre stilretningar òg gjorde seg gjeldande. Som eit resultat av både den entusiasmen for den romerske antikken som utgravingane frå 1748 og framover i ruinbyen Pompeii gav opphav til, og som ein reaksjon på den overdådige, særs dekorative og lite «naturlege» rokokkostilen som hadde utvikla seg i Frankrike frå 1720 – 1730-åra, vart det under kong Louis XV (Ludvig XV) (1710 – 1774) ei stendig sterkare interesse for ei klassisistisk stil, som til slutt vart einerådande.

Det enkle og fornuftige som ein meinte å sjå i antikkens borgarlege samfunn, ikkje minst i det gamle Roma, vart no ein tonegjevande idé som resulterte i ein sterk dyrking av dei antikke stildraga. I åra frå 1804 til 1814 nådde denne antikkprega stilen høgdepunktet. Aldri før hadde antikken vorte etterlikna så ivrig og konsekvent; Arc de Triomphe (Triumfbogen) i Paris vart til dømes reist etter førebilete av keisar Titus' boge i Roma, Vendômesøyla i Paris etter førebilete av Trajansøyla i Roma, og kvinnene tok til å kle seg i antikkliknande drakter med høg livline.

Denne franske utgåva av empirestilen gjorde seg òg gjeldande i Italia og Russland, og dessutan i Sverige, især etter at den franske Bernadotte hadde vorte kronprins i Sverige i 1810. Men ikkje berre den romerske antikken, men òg den greske gav førebilete til stilutviklinga i denne tida, særleg i Storbritannia, der stilen har nemninga regency, og i Tyskland, der særleg K. F. Schinkel stod attom denne greskinspirerte retninga, som fekk stor innverknad. Kong Ludwig I i Bayern ynskte til dømes å gjere München til eit nytt Athen. I Noreg vart stilutviklinga mykje den same som i Tyskland, med arkitekten Christian H. Grosch som ein viktig pådrivar. Det same galdt Danmark, der den tonegjevande arkitekten var Christian Frederik Hansen.