Konstantin Karamanlis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Konstantin Karamanlis
Bezoek premier Karamanlis van Griekenland Van Agt in gesprek met Karamanlis, Bestanddeelnr 929-6548 (cropped).jpg
Fødd8. mars 1907
Próti i Sérres
Død23. april 1998 (91 år)
Statsborgar avHellas
PartiPeople's Party, Nytt demokrati, Greek Rally, Den nasjonalradikale union
Yrkepolitikar
Utdanna vedNasjonale og Kapodistrias Universitet i Aten
FarGeorgios Karamanlis
EktefelleAmalia Megapanou
MedlemEuroparådets parlamentarikerforsamling

Konstantinos Karamanlis (8. mars 190723. april 1998) var ein gresk jurist og konservativ politikar, statsminister 1955–1963, 1974–1980 og president 1980–1985, 1990–1995 i Hellas. Han var onkel til den seinare greske statsministeren Kostas Karamanlis.

Karamanlis var medlem av det greske parlamentet frå 1935 til 1967 og på ny frå 1974 til 1980. I 1950-åra var han medlem i fleire regjeringar og statsminister frå 1955 til 1963. Under det såkalla junta-styret frå 1967 til -74 budde han i Paris.

Etter juntaen fall i 1974 vende Karamanlis tilbake til Hellas og danna det konservative partiet Nytt demokrati. Gjennom parlamentsvalet i juli 1974 vart han vald til statsminister, ein posisjon han hadde fram til 1980. Frå 1980 til 1985 var Karamnlis president i Hellas. Han var såleis president då Hellas i 1981 vart det tiande medlemslandet i Den europeiske unionen (EU). Han gjekk av i 1985, men vart i 1990 vald til president for ein ny femårsperiode.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]