Kontrapunkt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå fjernsynsprogrammet Kontrapunkt.
Utdrag frå «Fuge No.17 i A♭» (BWV862), frå Das wohltemperierte Klavier av Bach, som vert rekna som eit av dei største døma på kontrapunkt.

Kontrapunkt (frå latin punctus contra punctum, det vil seie 'note mot note') er ein teknikk innanfor musikalsk komposisjon der musikken består av sjølvstendige stemmer som samspelar med kvarandre. Omgrepet stemmer har ulike tyding innanfor kunstmusikk og populærmusikk. I populærmusikken er stemmene normalt usjølvstendige, sidan dei er bundne ved hovudmelodien.

I praksis seier ein at eit motiv/tema er kontrapunktisk til eit anna. Såkalla enkelt kontrapunkt tyder at éi stemme samsvarar til eit fast tema, medan ei anna stemme samsvarar til den første, men er fri i forhold til fast tema – altså ei fri stemme. Men vi snakkar heile tida om stemmer med melodisk og rytmisk særpreg, altså sjølvstendige stemmer, ikkje reine utfyllingsstemmer. Dobbelt kontrapunkt vil sei at begge stemmer samsvar forpliktande til tema slik at det er to tema som er bundne til kvarandre. I praksis vil det vere slik at stemme 1 startar med hovudtema, stemme 2 overtar hovudtemaet, medan stemme 1 held fram med kontrapunktet/mottemaet. Etter kvart som musikken utviklar seg, blir begge temaa gjort greie for, ofte er dei saman, av og til kvar for seg – dei byter plass, skiftar toneart, kjem i forskjellig fart, opp-ned osv. I ein fuge er det oftast fire stemmer som alle samsvar til eit hovudtema og eit fast mottema (kontrapunkt) samt at det kan skje mykje anna undervegs.

Kontrapunkt handlar altså om tema/motiv som vert sett opp mot kvarandre – og vel å merke sett opp mot kvarandre samstundes, og ikkje som i den seinare sonatesatsen der to tema opptrer etter kvarandre og utgjer ein kontrast.

Eit omgrep som slektar på kontrapunkt er polyfoni.

Nesten all klassisk musikk og notids kunstmusikk er kontrapunktisk i ulik grad. Spesielle former er kanon og fuge. Kontrapunktteknikken vart utvikla spesielt av Palestrina på 1500-talet, og Bach på 1700-talet, og studiar av uttrykksformene til desse komponistane er obligatoriske for dagens komposisjonsstudentar. Kontrapunkt vert nytta til og med i forskjellig populærmusikk, synth-, techno- og chip-musikk. Aldous Huxley skreiv om teknikken i romanen sin Kontrapunkt (Point Counter Point) frå 1928. Ein annan forfattar, tsjekkaren Milan Kundera har vore opptatt av kontrapunkt som litterært omgrep i mange av sine romanar. I essaysamlinga Romankunsten gjev han inngåande teoretiske forklaringar på litterært og musikalsk kontrapunkt.

Anna[endre | endre wikiteksten]

Kontrapunkt var også eit fjernsynsprogram i Norden, som i Noreg gjekk på NRK i perioden 1971 til 1990[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]