Korgfjellet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 66°03′51″N 13°40′35″E Korgfjellet eller Vesterfjellet er eit fjellområde mellom kommunane Hemnes og Vefsn i Nordland. Fjellområdet strekkjer seg frå Selhornet ved Sørfjorden i Hemnes og sørover forbi Rundtinden i Vefsn. Fjellområdet består av relativt småkupert terreng med ein del myrer og vatn. Rundtinden på 964 moh. er den høgaste fjelltoppen i fjellmassivet.

Garden Svartvatnet på Korgfjellet var busett til 1950-talet.

I perioden 1946 til 2005 passerte riksveg 50, seinare Europaveg 6 over Korgfjellet. Det høgaste punktet på denne vegen ligg 617 m. Vegen var bygd under den andre verdskrigen, og i vegarbeidet deltok mange jugoslaviske krigsfanger som budde i fangeleirar i Korgen og ved Luktvatnet. I dag går vegen gjennom Korgfjelltunnelen, og vegen over fjellet er vinterstengd.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]