Korketrekkar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Enkel korketrekkar

Korketrekkar eller korketrekkjar er ein reiskap til å trekka korken ut av flasker med. Han er laga av ein spiralforma del som går ned i korken og eit handtak eller innretning som gjer det lett å trekkja han ut att saman med korken. Det er i dag særleg vinflasker ein opnar med korketrekkar.

Ein enkel korketrekkar er gjerne laga av ein spiral og eit tverrstilt handtak som ein trekk korken ut av med makt. Andre korketrekkarar kan bruka ulike mekaniske prinsipp for å letta opninga.

Kelnarkniv.
Korketrekkarmodell med hevarmar i form av «venger».

Mange mekaniske korketrekkarar nytter vektstongprinsippet. I 1883 tok tyske Carl F.A. Weinke ut patent på kelnarkniven, som er ein liten, enkel mekanisk korketrekkar. Han omfattar ein liten kniv til å fjerna folien på flaskehalsen. Spindelen set ein mot midten av korken i ein lett hellande vinkel, og skrur han inn til han stopper. På denne måten unngår ein at spindelen gjennomborer korken slik at små bitar av kork dett ned i vinen. Så blir ansatsen for vektstonga sett mot kanten av flaskehalsen, og på grunn av vekstontprinsippet glir korken lett, raskt og mjukt ut av flaska når ein løfter handtaket.

Ein annan korketrekkartype som nytter vektstongprinsippet er ein type med «venger» på to sider som ein trykker ned slik at dei dreg korken opp.

Portvinsopptrekkar[endre | endre wikiteksten]

Portvinsopptrekkar

Ein korketrekkar utan skrue er portvinsopnaren, som har to tynne metallblad ein presser ned langs sida av korken. Deretter vrir ein korken opp ved hjelp av handtaket. Denne typen er god å bruka for gamle, skjøre korkar.

Andre tydingar av ordet korketrekkar[endre | endre wikiteksten]

Korketrekkarar eller korketrekkarkrøller viser til ein type store, spiralforma hårkrøller.

I samband med vegar og banar kan ein omtala dei som korketrekkarar om dei går i spiral. Ein del vegar har namn etter dette, som Korketrekkeren i Langangen, Korketrekkeren i Modum eller akebakken Korketrekkeren i Oslo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]