Kornstadfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kornstadfjorden
Eide-Silsetfjellet-Norway.jpg
Eide ved Kornstadfjorden

Kornstadfjorden er ein fjord langs kommunegrensa mellom Eide og Averøy kommuneNordmøre. Fjorden strekkjer seg 9 km søraustover til Rånestangen på sørvestsida av Averøya. Aust for Rånestangen går Kvernesfjorden nordaustover på søraustsida av øya.

Fjorden har innløp mellom Tevikholmen i nordaust og Ramsvikneset i sørvest og er ei fortsetjing av Lauvøyfjorden. Bygda Lyngstad ligg på vestsida av fjorden og det same gjer grenda Øygarden. Tvers over fjorden for Øygarden ligg Steinsgrenda på Averøya. Kommunesenteret Eide ligg heilt sør i fjorden, i overgangen mellom Kornstadfjorden og Kvernesfjorden.

Riksveg 64 går langs vestsida av fjorden, medan Fylkesveg 247 går på austsida.